Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Hydraulikk

Fagstoff
Interaktivt innhald

Lukka kretsløp

Hydraulikkanlegg er lukka kretsløp som gjenbruker hydraulikkoljen. Hydraulikkoljen sirkulerer mellom pumpa, aktuatoren og reservoaret utan å bli sleppt ut. Det gir presis kontroll, energieffektivitet og fleksibilitet, men òg høgare kompleksitet og vedlikehaldskrav.
Samandrag
  • Lukka kretsløp gjenbruker hydraulikkolje og gir presis kontroll.

  • Viktige komponentar inkluderer pumpe, trykkompensator og akkumulator.

  • Fordelar er energiinnsparing, stabilt arbeidstrykk og fleksibilitet.

  • Ulemper er høgare kostnad, kompleksitet og vedlikehaldskrav.

  • Eignar seg for presise og krevjande applikasjonar.

Kva er eit lukka kretsløp?

I motsetning til pneumatiske anlegg, der lufta blir sleppt ut etter at aktuatoren har gjort trykket om til arbeid, er eit hydraulisk anlegg eit lukka kretsløp. Eit lukka kretsløp, òg kjent som trykkompensert kretsløp, er eit system der hydraulikkoljen blir returnert til reservoaret og gjenbrukt i systemet.

Lukka kretsløp er spesielt eigna for system som krev høg presisjon, energieffektivitet og rask respons. Fleksibiliteten og stabiliteten gjer dei til eit populært val i mange avanserte applikasjonar.

Konstruksjon og oppbygning

Eit lukka kretsløp er bygd opp av komponentar som sikrar effektiv overføring av hydraulisk kraft og presis styring av systemet. Denne konstruksjonen gjer det mogleg med kontinuerleg resirkulering av oljen utan tap av væske.

  • pumpe: trekker hydraulikkoljen frå reservoaret og leverer han under trykk til aktuatoren (motor eller sylinder)

  • trykkompensator: overvakar trykket i systemet og justerer strøymingsfarten for å oppretthalde stabilt arbeidstrykk, noko som sikrar jamn drift

  • akkumulator: blir brukt til energilagring for å handtere lasttoppar og gi rask respons

  • ventilar og filter: kontrollerer væskestraumen og sikrar rein olje i systemet

Oljen returnerer til reservoaret via returleidningar etter å ha utført arbeid. Dette kontinuerlege kretsløpet reduserer behovet for kontinuerleg tilførsel av ny olje.

Fordelar med lukka kretsløp

Lukka kretsløp har fleire tekniske og økonomiske fordelar som gjer dei ideelle for krevjande applikasjonar. Evna deira til å gjenbruke olje og oppretthalde stabil yting gjer dei til eit attraktivt val for mange bruksområde.

Energiinnsparing

Hydraulikkoljen blir gjenbrukt. Det reduserer energitap og driftskostnader over tid.

Presis kontroll

Trykkompensatoren sørger for stabilt arbeidstrykk, uavhengig av lastendringar. Det gir nøyaktig styring av systemet.

Moglegheit for akkumulatorbruk

Akkumulatorar gjer det mogleg med lagring av energi og handtering av høg last eller raske krav i systemet.

Forureining

I eit ope kretsløp er hydraulikkolje svært forureinande og kostbart, for det slepper oljen ut til omgivnadene.

Ulemper med lukka kretsløp

Lukka kretsløp har òg nokre ulemper som kan gjere dei mindre attraktive i visse situasjonar. Desse utfordringane må vi ta i betraktning ved design og implementering av systemet.

Kompleksitet

Kretsløpet krev avansert design og komponentar. Det aukar kompleksiteten i implementeringa.

Høgare kostnad

Kostnaden aukar på grunn av tilleggsutstyr som trykkompensatorar og akkumulatorar.

Vedlikehaldskrav

Systemet krev regelmessig overvaking og vedlikehald for å unngå lekkasjar og sikre rett funksjon.

Kontrollspørsmål

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 05.07.2023