Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Hydraulikk

Fagstoff
Interaktivt innhald

Hydraulikkvæske

Hydraulikkvæske er ein olje vi bruker i eit hydraulisk anlegg for å transportere energi frå pumpe og fram til arbeidseiningane i anlegget.

Kva er hydraulikkvæske

Hydraulikkvæske bruker vi i hydrauliske system for å overføre kraft og rørsle. Det er vanlegvis ei blanding av oljar og andre additiv. Væska har høge viskositetsindeksar, god smørjeevne og god varmebestandigheit tilpassa ønskte funksjonar og omgivnadene anlegget skal stå i.

Hydraulikkvæska er òg motstandsdyktig mot forureining og korrosjon, og kan handtere høgt trykk og høge temperaturar. Det er viktig å velje rett type hydraulikkvæske for eit gitt system for at det skal fungere sikkert og effektivt.

Den vanlegaste hydraulikkvæska består av mineralolje. Ho er utvikla av raffinert råolje og kan skape forureiningsproblem, for ho blir ikkje broten lett ned i naturen. Hydraulikkvæska kan òg vere utvikla av rapsoljar. Dei er lett nedbrytbare og meir miljøvennlege. Felles for begge typane hydraulikkvæske er at oljetåke kan bli brennbar når ho blir blanda med luft.

Det finst hydraulikkvæsker som består av ulike emulsjonsblandingar av olje, vatn, glykol og syntetiske væsker som ikkje er brannfarlege. Dei kan vi bruke i område med fare for brann og eksplosjon.

Eigenskapar

Dei ulike hydraulikkvæskene blir klassifiserte med eigne ISO-kategoriar. Det gjer det enklare for deg å finne rett hydraulikkvæske til formålet ho skal oppfylle.

ISO HH

Hydraulikkvæske med ISO-nemninga HH er reine mineraloljar utan tilsetjingsstoff. Desse væskene kan vi bruke på hydraulikkanlegg utan spesifikke krav til hydraulikkvæska.

ISO HL

Hydraulikkvæske med ISO-nemninga HL er tilsett antikorrosjons- og antioksiderande tilsetjingsstoff som legg eit beskyttande lag på metalla i hydraulikkanlegget. Desse hydraulikkvæskene er godt eigna i anlegg med høge termiske krav.

ISO HM

ISO HM er ei vidareutvikling av ISO-nemninga HL. I tillegg til antikorrosjons- og antioksideringseigenskapar har ho antislitasjetilsetningar. Det betrar dei smørjande eigenskapane hydraulikkvæska har, og gjer væska godt eigna i anlegg som jobbar under høgt trykk.

ISO HV

Denne ISO-nemninga beskriv hydraulikkvæske med same eigenskapar som ISO HM, men ho har i tillegg viskositetsforbetrande eigenskapar, der vi kan spesialtilpasse hydraulikkvæska til å ha gode eigenskapar ved låge eller varierande temperaturar.

ISO -

Med nemninga - har væska dei same eigenskapane som ISO-HM, men ho har òg tilsetjingsstoff med detergente og dispergente eigenskapar. Det betyr at hydraulikkvæska er sjølvreinsande og har redusert evne til å ta opp vatn. Denne væska er svært godt eigna i anlegg der det er fare for forureining og vassinntrenging.

Tilsetjingsstoff

For å utvikle ei hydraulikkvæske med ønskte eigenskapar blandar fabrikantane tilsetjingsstoff i hydraulikkvæska for å gi henne dei spesielle eigenskapane.

Oksidasjonsinhibitor

Dette tilsetjingsstoffet gjer at hydraulikkvæska ikkje reagerer så lett med oksygen. Varm hydraulikkvæske som kjem i kontakt med vatn, oksiderer, og hydraulikkvæska blir øydelagd ved at det blir danna syrer i væska.

Er syretalet i hydraulikkvæska for høgt, kan vi ikkje bruke henne. Ho må bytast ut, for ho tærer på komponentane i anlegget. Dette tilsetjingsstoffet bidreg til å forhindre utvikling av syrer i hydraulikkvæska.

Korrosjonsinhibitor

Dette tilsetjingsstoffet legg igjen eit beskyttande lag på metalldelane inne i hydraulikkanlegget. Det er for å beskytte den ubehandla metalloverflata inne i komponentane mot rustangrep.

Dersom anlegget kan vere utsett for fukt eller vassintrenging, er denne eigenskapen svært viktig.

Skumdempar

Vi tilset skumdempar i hydraulikkvæska for å motverke at det dannar seg bobler, ved å bryte ned proteinforbindelsar i hydraulikkvæska.

Når vi forhindrar at det dannar seg bobler i hydraulikkvæska, unngår vi at det dannar seg skum når hydraulikkvæska returnerer til tanken og kjem i kontakt med luft.

Viskositetsforbetrande tilsetjingsstoff

Dette tilsetjingsstoffet forbetrar dei termiske eigenskapane til hydraulikkvæska ved at ho reduserer måten temperatur påverkar væskeviskositeten på.

Det er svært viktig dersom vi har anlegg som arbeider under ulike temperaturar, og vi ønsker at hydraulikkvæska skal ha like eigenskapar heile tida.

Dersom du veit at anlegget blir brukt både i kalde og varme omgivnader, er det viktig å velje ei hydraulikkvæske med viskositetsforbetrande eigenskapar. Då er det større sjanse for at anlegget fungerer likt i både kalde og varme omgivnader.

Flytepunktnedsetjande tilsetjingsstoff

Eit flytepunktnedsetjande tilsetjingsstoff verkar på same måten som viskositetsforbetrande tilsetningar, men funksjonen er å halde oljen tyntflytande ved låge temperaturar.

Ei hydraulikkvæske utan desse eigenskapane blir svært tjuktflytande ved låge temperaturar, så vi må varme henne opp før vi bruker anlegget.

Dersom du veit at anlegget skal brukast i kalde omgivnader, er det viktig å velje ei hydraulikkvæske med flytepunktnedsetjande eigenskapar.

Detergentar

Når vi blandar detergente tilsetjingsstoff i hydraulikkvæska, kan væska løyse opp forureinande partiklar i hydraulikkanlegget, og frakte desse med seg tilbake til eit filter for å bli reinsa.

Det fører til at anlegget blir reinsa til kvar ei tid, og slik blir det både mindre slitasje og jamnare drift.

Friksjonsreduserande tilsetjingsstoff

Eit friksjonsreduserande tilsetjingsstoff legg eit smørjande lag på innsida av komponentane i hydraulikkanlegget, og saman med viskositeten i hydraulikkvæska hjelper det å smørje bevegelege komponentar, og dermed redusere friksjon.

Hydraulikkvæske og HMS

Når du kan komme i fare for å få hydraulikkvæske på huda, er det viktig å ta ein del forholdsreglar, og bruke hanskar. Eingongshanskar er det beste. Det er viktig at dei er produserte av nitril gummi, for olje kan ikkje trekke gjennom eller løyse opp den hansketypen.

Får du hydraulikkvæske på klede, er det viktig å ta av seg dei forureina kleda med det same. Bruk vatn og såpe på hud som kan vere utsett for hydraulikkvæske.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla med rett svaralternativ.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 23.08.2023