Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Førstehjelp

Fagstoff
Video

Forgiftingar

Forgifting er når ein person har fått i seg eit stoff kroppen ikkje toler, eller har fått i seg større mengder enn det som er tilrådeleg.

Film om førstehjelp ved forgiftingar (1:08)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Alle kjemiske stoff kan i utgangspunktet føre til forgifting. Ei forgifting kan vere sjølvpåført, eller ho kan vere påført ved eit uhell. Barn er spesielt utsette for forgifting fordi dei er nysgjerrige av natur og ikkje forstår at stoffet kan vere farleg for dei.

Vi kan få i oss giftige stoff via

  • svelging
  • innanding
  • huda og slimhinna

Teikn på forgifting

Teikn på forgifting kan vere

  • endring i pust og/eller blodomløp
  • at personen i nokre tilfelle blir medvitslaus
  • kvalme og oppkast

Teikn på forgifting kan variere betydeleg avhengig av kva stoff som er innteke, og mengde av stoffet. Nokre teikn kan kome raskt, i løpet av minutt, mens andre teikn først kjem etter fleire timar.

Førstehjelpstiltak ved forgifting

Førstehjelpstiltaka kjem an på type forgifting, mengde og korleis giftstoffet er kome inn i kroppen. Ring derfor Giftinformasjonen 22 59 13 00 eller 113. Her vil du få rettleiing og hjelp og få vite kva som er rett tiltak ut ifrå type forgifting.

Dersom personen er medvitslaus, overvak personen etter prinsippa for den første undersøkinga.

Døme på ulike typar forgifting

Legemiddel
Ver merksam på at barn kan bli forgifta av ein langt mindre dose enn vaksne. Hugs at òg reseptfrie legemiddel kan vere svært giftige, til dømes paracetamol og jerntablettar.
Produkt og kjemikal
Lampeolje, parafin eller tennvæske kan mellom anna forårsake alvorlege betennelsestilstandar i lungene. Etsande stoff kan til dømes vere maskinoppvaskmiddel, Klorin og salmiakk.
Gassar
Karbonmonoksid (kullos) og propan er to av mange gassar som kan vere farlege.
Planter og bær
Både stove- og uteplanter kan vere giftige. Liljekonvall, kvitveis og julestjerne er døme på giftige planter.
Sopp
Nokre soppar, mellom anna raud og kvit flugesopp, er giftige. Sjølv ein liten bit kan føre til forgifting.
Bit og stikk
Hoggorm- og flåttbit kan føre til alvorleg reaksjon. Insektstikk kan òg føre til alvorlege allergiske reaksjonar.
Rusmiddel
Alt frå lovlege rusmiddel som alkohol og tobakk til illegale rusmiddel kan gi alvorlege forgiftingar.
Mat/drikke
Matforgifting vil i dei fleste tilfelle vere forårsaka av bakteriar eller virus.

Kjelde

Nakstad, E. R. (2019). Akutte forgiftninger og rusmiddelpåvirkning. I Haugen, J. E. (red.), Akuttmedisin utenfor sykehus (4. utgåve, s. 317–326). Gyldendal Norsk Forlag.

Relatert innhald

Skrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 06.11.2025