Den første undersøkinga

BLÅS
For å vurdere kor alvorleg situasjonen er for personen, og kva hjelp hen treng, vil det vere eit godt utgangspunkt å undersøke personen etter hugseregelen BLÅS. Han gjer det enklare for deg å hugse kva du skal gjere i ein stressa situasjon. BLÅS fortel kva du bør sjekke først.
- B = bevisstheit (medvit)
- L = luftvegar
- Å = åndedrett (andedrag)
- S = sirkulasjon
Medvit
Sjekk om personen er medviten. Rist i personen og rop: "Hei, kan du høyre meg?"
Viss personen svarer: Sjekk om hen er orientert for tid og stad.
Dersom personen ikkje svarer: Klyp i armen for å sjå om hen reagerer på smerte.
Luftvegar
Sjekk om personen har frie luftvegar.
Opne munnen til personen og sjå om det ligg noko der.
Fjern framandlekamar som oppkast, matrestar eller liknande.
Åndedrett/andedrag
Sjekk om personen pustar.
Viss ja, korleis pustar personen? Er det normalt?
Viss du ikkje merkar pust, legg øret inntil munnen til personen og høyr etter pustelydar. Du kan kjenne ein luftstraum viss personen pustar.
Sjå på brystet til personen om det hevar og senkar seg.
Sirkulasjon
Sjekk om personen har pågåande bløding. Er det synleg blod?
Korleis er hudfargen til personen? Gråleg eller blåleg?
Ikkje bruk tid på å sjekke pulsen til personen viss du ikkje er trena på dette. Då kan verdifull tid gå tapt.
Film om den første undersøkinga (1:54)
I filmen under blir ein syklist påkøyrd av ein bil. Den som gir førstehjelp til den skadde personen, bruker hugseregelen BLÅS.
Førstehjelpstiltak
- Ring medisinsk nødtelefon på 113 viss du finn ut at personen har avvik frå det normale med tanke på medvit, pust eller sirkulasjon, eller du er det minste usikker på korleis personen har det, eller kva du skal gjere. 113 vil gi deg rettleiing og hjelp.
- Viss personen ikkje pustar: Sikr frie luftvegar ved å bøye hovudet bakover og løfte kjeven opp. Ikkje bruk meir enn ti sekund på å bestemme deg for om du skal starte HLR eller ikkje.
- Dersom personen pustar: Observer vedkommande i minimum eit minutt og legg vedkommande i sideleie.
- Viss personen ikkje er medviten og ikkje pustar normalt: Start umiddelbart hjarte- og lungeredning.
Relatert innhald
BLÅS er hugseregelen for å vurdere situasjonen og kva hjelp personen treng.