Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Podkast
Interaktivt innhald

Podkast om målgrupper og digital dataanalyse

I denne podkasten frå 2020 om målgrupper og digital dataanalyse høyrer du programleiar Berit Boman i samtale med leiaren i Try Råd, Sindre Beyer. I samtalen snakkar dei mellom anna om målgrupper og digital dataanalyse.

TRY råd

Sindre Beyer er administrerande direktør i TRY Råd som mellom anna jobbar med å hjelpe store og små verksemder med å velje målgruppe og nå ut til ho, og med korleis dei kan kommunisere med målgruppa. Sindre er i tett dialog med selskap som Google og Facebook i arbeidet sitt.

Sindre har uttalt følgjande:

Det er gøy å sjå ein YouTube-video, men du legg igjen digitale spor for kvart klikk du gjer, noko som igjen gjer deg til ein del av målgruppa for marknadsføring. Har du sett på eit slankeprodukt, set Google ein merkelapp på deg. Det sel dei igjen til andre annonsørar som tenkjer at du vil slanke deg og treng det dei kan tilby. Du får altså sjå ting gratis, men betaler med at dei får ting av deg.

Lytt til podkast

Lytt til podkasten nedanfor (lengde 19:24), og ta notater.

Markedsføring og ledelse

Marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse

Ein podkast om korleis ny teknologi kan hjelpe deg med å finne fram til akkurat rett målgruppe for å selje meir. Vi snakkar med Sindre Beyer som jobbar i Try-huset, eit av Noregs største kommunikasjo...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåver til podkasten

  1. Sindre Beyer er leiar i TRY Råd, som er eit av dei største kommunikasjonshusa i Noreg. Kva slags marknadsundersøking seier Sindre Beyer at det kan vere aktuelt å bruke for å finne ut korleis unge tenkjer om noko?
  2. Kva er åtferdsdata?
  3. Korleis kan verksemder få tak i åtferdsdata?
  4. På kva måte har Amazon lykkast med å samle inn data og bruke dataa til å gi ei betre kundeoppleving?
  5. Kva døme nemner Sindre Beyer der bruk av data ikkje kom heilt heldig ut for Amazon?
  6. Kva ulemper kan det ha for oss forbrukarar at vi legg igjen så mange digitale spor, som igjen gjer at det blir samla inn så mykje data om oss?
  7. Kva fordelar kan det ha for verksemder at det er mogleg å samle inn enorme mengder data?
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.01.2026