Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Lag eit visuelt konsept

I denne oppgåva får de trening i å utarbeide eit visuelt konsept. De bestemmer sjølve kva slags konsept de vil utvikle. Definer idéen bak konseptet, før de går vidare og jobbar med den visuelle profilen.

Forarbeid

Før de set i gang, må de bestemme kva slags konsept de skal designe for. Her er nokre forslag, men de kan også finne på eigne konsept:

  • ein hardrock-festival

  • ein nyoppussa symjehall som treng nytt image

  • eit sjekkeprogram på TV

  • ein nyetablert gullsmed

  • ein campingplass

  • eit dataspel

Konseptet skal til slutt presenterast for klassen.

Til inspirasjon

Under kan du sjå døme på elevarbeid frå Gjøvik vidaregåande skule, der elevane har laga bakgrunnar til spel for å visualisere ulike spelekonsept. Elevane let seg inspirere av ulike stilar og trendar i illustrasjonsarbeidet.

Gjennomføring

Beskriv idéen bak konseptet

Forklar tanken bak konseptet. Har det eit tema? Kva heiter konseptet? Finn gjerne fire adjektiv som beskriv stemninga og stilen.

Definer målgruppa

Bruk personas og segmentering.

Jobb med idéar og utprøving

Bruk gjerne fleire metodar for å generere flest mogleg idéar til det visuelle konseptet. Til dømes:

  • idémyldring

  • moodboard

  • skisser, for hand og digitalt

  • research og inspirasjon

  • fargepalettar

  • typografisk utprøving

  • prototyping og testing

  • snakke med målgruppa om kva dei liker og ønsker

Hugs å ta vare på og dokument arbeidet de gjer i idéfasen.

Design ein logo

Det kan kanskje vere lurt å repetere kva som kjenneteiknar ein god logo?

Lag designreglar i form av ein mini-designmanual

Bestem og gi døme på reglar for bruk av logo, fargar og fontar og bruk av bilete, illustrasjonar og ikon.

Produser digitale skisser til minst tre produkt som skal vere ein del av det visuelle konseptet

Det kan vere brevark og konvoluttar, ein annonse i sosiale medium, ein reklameplakat, ein reklame- eller informasjonsfilm, eit tilgangsband til å ha rundt handleddet, ein app, ei T-skjorte, ein berepose, eit skilt, infografikk, klede til tilsette, brosjyrar, flaskeetikettar, kulepennar eller noko anna som trengst til konseptet dykkar.

Presenter konseptet dykkar for klassen

Få tilbakemeldingar.

Forbetre og ferdigstill

Bruk tilbakemeldingane de fekk etter konseptpresentasjonen og gjer produkta ferdig i eigna programvare.

Lever det ferdige visuelle konseptet

De skal levere

  • ei beskriving av konseptet dykkar

  • ei beskriving av målgruppa

  • logo

  • designmanual

  • minst tre ferdige produkt som skal brukast i konseptet

  • ei eigenvurdering av arbeidsprosessen og det ferdige resultatet

Skrive av Ellen Johansen.
Sist oppdatert 27.10.2026