Oppgåve
Hugsar du varemerke?
Kva for varemerke hugsar du, og kor godt? Undersøk nærmare kjente norske varemerke.

1. Hugsar du logoen?
Her har du ti kjende norske logoar. Greier du å teikne dei ut frå minnet? Finn fram nokre tusjar eller fargeblyantar, og teikn dei raskt etter minnet, helst med fargar.
NSB, Stabburet, Freia, Nidar, Rema 1000, Meny, Kiwi, Peppes pizza, Helly Hansen
Det viktigaste er at logoen blir kjent att. Når mange kan kopiere ein logo korrekt etter minnet, vil det seie at han er enkel og tydeleg. Logoen er lett å hugse, lett å identifisere og skil seg brukbart frå konkurrentane.
2. Lag ei liste med varemerke og teikn logoar
- Bruk nokre minutt på å skrive ei liste (5–10 namn) med dei første varemerka du kjem på. Hugsar du logoen til desse merkevarene?
Ikkje leit opp logoen før du teiknar han, du gjer denne øvinga for å sjå kor lett eller vanskeleg det er å hugse og å kopiere dei!
Teikn dei etter minnet, bruk fargar.
- Når du har prøvd å kopiere “dine” logoar, kan du sjå korleis andre har lukkast.
- Ferdig? Studer denne også: Branded in Memory: Korleis blir etablerte amerikanske merke hugsa?