Kommunikasjon som prosess
Kommunikasjonsprosessen
Kommunikasjon mellom menneske er viktig, anten det dreier seg om personleg kommunikasjon eller mediekommunikasjon. Du ønsker at bodskapen din skal nå fram slik du har tenkt det, utan misforståingar i den andre enden. Det same ønsker du som profesjonell medieprodusent.
I mediefaget forstår vi kommunikasjonsprosessen som at ein bodskap går frå sendar til mottakar. Bodskapen kan til dømes vere ei ytring, ei hending, ei forteljing eller informasjon.
Den enkle kommunikasjonsmodellen
Den enkle kommunikasjonsmodellen viser overføringa av ein bodskap frå ein sendar til ein mottakar.
Illustrasjonen nedanfor viser modellen av ein enkel kommunikasjonssituasjon som ein lineær prosess. Han beskriv einvegskommunikasjon, den situasjonen vi har når det ikkje finst nokon direkte, personleg kontakt mellom sendar og mottakar.

Modellen kan til dømes beskrive kommunikasjonssituasjonen når du ser seriar eller nyheiter på mobiltelefonen din. Strøymetenesta (sendar) sender programmet (bodskap) til deg (mottakar).
Bruk den enkle kommunikasjonsmodellen
Ein modell er ei forenkling av ein teori. Vi bruker prosessmodellar for å forstå korleis kommunikasjon går føre seg, og som medieelev bruker du òg modellar for å planlegge medieproduksjonar.
Bruk den enkle kommunikasjonsmodellen for å planlegge eit medieprodukt du skal lage for ein sjølvvald oppdragsgivar.
Lasswells kommunikasjonsmodell
Den amerikanske kommunikasjonsforskaren Harold Lasswell var den første som laga ein modell for korleis kommunikasjon går føre seg. Lasswell forska på krigspropaganda og var spesielt oppteken av kva effekt sendaren oppnådde.
Vi formulerer Lasswells kommunikasjonsmodell i ei enkelt setning, slik:
Kven seier kva til kven gjennom kva kanal med kva verknad?
Kva verknad har kommunikasjonen? I dag blir modellen brukt breitt, du kan både analysere og planlegge verknaden av og formålet med ulike typar mediekommunikasjon.
Prosessmodellen
For å lykkast med kommunikasjon må du på den eine sida vere god til å kode bodskap og på den andre sida hindre at støy øydelegg for bodskapen på vegen frå sender til mottakar. Innsikt i prosessmodellen hjelper deg med å forstå støy.
Poenget med prosessmodellen er at sendaren formidlar informasjon ved hjelp av ein bestemd kode, og denne koden må avkodast av mottakaren. Då kan det oppstå misforståingar. Det blir kalla støy når ein bodskap ikkje kjem gjennom slik det var tenkt. Forskarane Shannon og Weaver utvikla modellen på 1950-talet.
Film: Støy i kommunikasjon
Sjå animasjonen under (lengde 1:58). Han forklarer den meste kjende og etablerte prosessmodellen.
Sentrale fagomgrep
- sendar
- personen eller verksemda som sender meldinga: læraren som forklarer deg noko, ein venn som sender deg ei melding, eller ei bedrift som sender reklame midt i ein YouTube-video du ser på
- koding
- handlar om korleis sendaren vel å formidle meininga eller bodskapen han eller ho vil gi mottakaren, alle medieuttrykk er koda gjennom bruk av sjangertrekk, forteljeteknikkar og verkemiddel
- bodskap
- informasjonen som blir utveksla mellom sendar og mottakar, har ei form og eit innhald
- kanal
- mediet, tenesta eller plattforma der du får overført bodskapen, døme: sosiale mediekanalar, strøymetenester, bøker, kino, aviser og informasjonsplakatar
- mottakar
- den som tek imot meldinga frå sendaren
- avkoding
- handlar om korleis mottakaren bruker erfaringane og kunnskapane sine til å forstå bodskapen frå sendaren
- tilbakemelding
- responsen som meldinga utløyser hos mottakaren
- støy
- alt som står i vegen for at meldingar skal kunne nå fram slik dei er meinte, som når bakgrunnsmusikk gjer ein telefonsamtale vanskeleg, eller når dårleg nettverk gjer at nettpraten "laggar"
Relatert innhald
Lasswells kommunikasjonsmodell er formulert som "Kven seier kva til kven i kva kanal med kva verknad?".
Bruk det du kan om kommunikasjon og prosessmodellar, til å vurdere profesjonell kommunikasjon og planlegge eigen kommunikasjon.