Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Yrkesetiske retningslinjer

Alle bedrifter har retningslinjer for yrkesetikk, enten skriftleg eller som uskrivne normer. Her skal de utforske verdiane som servicebransjen byggjer på.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Oppgåver

Jobb i par og diskuter i klassen:

  1. Kva er yrkesetiske retningslinjer? Søk på Internett for å finne fleire døme på yrkesetiske retningslinjer for ulike bedrifter som kan vere aktuelle arbeidsplassar for deg.

  2. Kva for nokre etiske retningslinjer meiner de kunne vere felles for yrka i utdanningsprogrammet for sal, service og reiseliv? Diskuter i klassen.

  3. Læreplanane for programfaga har ein del som heiter "Om faget", som beskriv sentrale verdiar – sjå Udir.no. Korleis kjem verdiane til uttrykk? Finn døme frå to ulike programfag og diskuter korleis verdigrunnlaget kjem til uttrykk i dei to faga.

Skrive av Agnes Brønstad, Tove Bostad, Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 22.10.2021