Normer, verdiar og haldningar - Kommunikasjon og yrkesutøving (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Normer, verdiar og haldningar

Utforsk ulike haldningar, normer og verdiar og diskuter korleis etikken forandrar seg. Finst det situasjonar der det kan vere riktig å stele, lyge og drepe, eller er det gale uansett?

Oppgåve 1. Doping

Therese Johaug er ein norsk skiløpar. I 2016 blei ho dømd til 18 månaders utestenging for doping etter å ha fått ein forboden leppekrem av legen til landslaget. Lance Armstrong vann VM og Tour de France sju gonger før han blei teken i den største dopingskandalen til sykkelsporten. Han innrømde seinare å ha dopa seg bevisst og systematisk for å vinne.

  1. Sjå pressekonferansen ovanfor med Therese Johaug etter dopingavsløringa og les artikkelen "Lance Armstrong innrømmet doping hos Oprah på NRK" (eller sjå videoen).

  2. Samanlikn , og i dopingsaka til Therese Johaug med dopingsaka til Lance Armstrong. Kva er forskjellane og likskapane?

Oppgåve 2. Når er noko rett og gale?

  1. Diskuter følgande handlingar med sidemannen. Når kan det vere gale, og når kan det vere rett

    • å slåst

    • å jukse

    • å hemne seg

    • å drepe

    • å ikkje gjere noko

    • å vere ulydig

    • å slå eit barn

    • å stele

    • å ikkje vite

    • å vere først

    • å snakke

    • å lytte

    • å gøyme seg?

    (Brenifier, s. 30)

  2. Finst det nokon fasitsvar i etikken? Kan du komme på nokon konkrete døme på handlingar som alltid er galne, uavhengig av tid, stad og omstende?

Oppgåve 3. Endringar i etikken

Kvifor forandrar etikken seg? Ta gjerne utgangspunkt i konkrete døme. Diskuter dette med ein medelev.

Kjelde

Brenifier, O. & Millon, I. Notebook of Philosophical Exercises. Institute of Philosophical Practices.

Relatert innhald

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2023