Lasswells hugseregel
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Analysere ein kommunikasjonsprosess
Lasswells hugseregel for kommunikasjon er eit nyttig verktøy når du skal analysere ein kommunikasjonsprosess. I 1948 formulerte kommunikasjonsforskaren Harold Lasswell den følgjande setninga for å forklare kommunikasjonsprosessen: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»
Lasswells hugseregel kan seiast å vere ei enkel, munnleg framstilling av kommunikasjonsmodellen. I marknadskommunikasjon skjer det ei overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.
Forstår du Lasswells hugseregel?
I dei interaktive oppgåvene nedanfor kan du teste om du har forstått omgrepa i Lasswells hugseregel.
Reklame for Lerum
Korleis kan vi bruke Lasswells hugseregel til å forklare ein kommunikasjonsprosess? Nedanfor skal vi vise dette ved å analysere ein reklamefilm for Lerum (lengde 0:45).
Analyse
Kven – Lerum
seier kva – at produkta våre er laga av dei beste fruktene og bæra
til kven – målgruppa, dei som kjøper saft og syltetøy
i kva kanal – YouTube, reklamekanalar på TV, kinoreklame
med kva verknad – at det vil vere meir sannsynleg at målgruppa vel å kjøpe saft og syltetøy frå Lerum
Informasjonskampanje for Statens vegvesen
No skal vi analysere ein informasjonskampanje for Statens vegvesen. Sjå filmen nedanfor (lengde 0:50).
Analyse
Kven – Statens vegvesen
seier kva – at råkjøring er barnsleg
til kven – ungdom (gutar spesielt)
i kva kanal – YouTube
med kva verknad – riktige haldningar til bilkøyring og fart
Test deg sjølv
I den interaktive oppgåva nedanfor skal du, med utgangspunkt i Lasswells hugseregel, finne ut «kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?».