Helse- og livsstilsjournalistikk

Helsejournalistikk informerer og underheld
Helsejournalistikk er eit vidt omgrep som omfattar alt frå dekning av helsepolitiske vedtak og helserelatert forsking til tips og råd om ulike diettar, treningsformer, vaksinar og kosttilskot. Tidlegare var kjeldene for helsejournalistikken stort sett medisinske ekspertar og helsemyndigheiter. I dag har ikkje desse kjeldene like stor autoritet. Det har ført til at pasientane sine individuelle erfaringar kjem meir i fokus.
Media kjempar om merksemda til mottakarane, og saker som oppfyller nyheitskriterium som nærleik, personifisering, konflikt og sensasjon, verkar å vere attraktive. Media fortel derfor ofte historier om enkeltpersonar i kamp mot systemet. Pasient- og brukarorganisasjonar bidreg til å setje slike saker på dagsordenen til media. Mange saker handlar om manglar ved lokale helsetilbod og omsorgstenester, og mediedekninga fører ofte til at saka hamnar på bordet hos politikarane.
Ein del aviser og vekeblad har eigne "ekspert-spalter" der legar, psykologar, trenarar og kosthaldsekspertar kjem med velmeinte råd. Ein del av dette innhaldet ligg i grenselandet mellom journalistikk og underhaldning. I ekspertspaltene møter vi menneske vi kan identifisere oss med. Vi kan derfor ta med oss råda frå ekspertane inn i vår eigen kvardag. Dessutan tilfredsstiller ein del av desse historiene "kikkar-mentaliteten" vår, sidan dei inneheld mange intime, fortrulege detaljar.
Kritisk helsejournalistikk

Større mediehus har graveredaksjonar som jobbar med kritisk helsejournalistikk. I dette arbeidet er helsestatistikk ei viktig kjelde.
Kritisk helsejournalistikk set søkelyset på strukturelle problem i helsesektoren. Det kan til dømes handle om mangel på ressursar og kapasitet, prioritering av kva grupper som får behandling, eller moglegheiter til å søke behandling i utlandet.
På parti med pasienten
Når det oppstår ein konflikt mellom pasient og helsevesen, tek journalisten i dei aller fleste høva parti med pasienten. Eitt døme er NRK Sørlandets dekning av saka om ein lege som feilopererte ei rekke personar på Sørlandet sjukehus. Han fekk halde på i mange år før det fekk konsekvensar for han, mens pasientane måtte leve med til dels stor funksjonshemmingar i etterkant av operasjonane.
Sjå feature-reportasjen "De ødelagte" på NRK.
Når media tek opp helserelaterte saker, blir dei ofte belyste med casar vi kan identifisere oss med og kjenne empati for. Helseinformasjon om enkeltpersonar er i utgangspunktet underlagd teieplikt, og det gjer at kjeldegrunnlaget journalistane jobbar med, kan vere mangelfullt og einsidig.
Debatt om vanskelege prioriteringar
Prioriteringar i helsevesenet og diskusjonar rundt praksis på område som gjeld livet og helsa til folk, er ofte tema i politiske debattar i radio og TV. Helsepolitikk byr på etiske dilemma som det ikkje finst eintydige svar på, men som det er viktig å belyse i den offentlege samtalen, slik at ulike stemmer får komme til orde.
Eit døme er debatten om den livsforlengande medisinen Spinraza berre skal bli tilboden til barn og unge, eller òg til alvorleg sjuke over 18 år. Følg NRK programmet Debatten (2018) frå 00:26:28 til 00:41:48.
Livsstilsjournalistikk
Livsstilsjournalistikk er journalistikk som tek opp tema som berører intimsfæren, det vil seie privatlivet vårt. I samfunn som legg stor vekt på individets eigenart og sjølvstende, blir måten vi framstiller oss sjølve på gjennom val av livsstil, viktig. Derfor oppsøker mange informasjon som kan hjelpe dei med å styrke og utvikle livsstilen sin, anten det gjeld val av klede, utdanning, heimeinnreiing eller feriemål.
Service-journalistikk i form av livsstilsjournalistikk og forbrukarjournalistikk har lenge dominert i vekeblada. Brita Ytre-Arne ved Universitetet i Bergen har gjort fleire studiar av den nordiske magasinmarknaden. Ho peikar på at vekeblad som er retta mot kvinner, i stadig større grad fokuserer på saker om skjønnheit, mote og livsstil, og dermed mindre på reportasjar om politikk og samfunn.
Overskrifter på framsida i vekebladet Henne Vakker (utgåve våren 2014)
Alt om fettsuging: Flat mage for alltid
Botox-guide
Rens huden yngre
Sprettrumpe på 6 uker
Kva synest du om denne forma for journalistikk?
Vekeblada rettar seg mot godt vaksne kvinner. Unge jenter får i dag dekt behovet for livsstilsinformasjon gjennom bloggar og sosiale medium, men innhaldet der har mykje til felles med døma ovanfor.
Populært stoff òg i aviser og TV
Etter kvart har livsstilsjournalistikk blitt populært stoff òg i aviser og TV. TV 2 Livsstil er ein reklamefinansiert TV-kanal som sender livsstilsprogram, dramaseriar og dokumentarar. Døme på livsstilsprogram er Bolighjelpen, Tid for hage og Veterinærene.
NRK ser det som ein del av allmennkringkastaroppdraget sitt å formidle livsstilsjournalistikk, gjerne med eit litt kritisk perspektiv. Eit døme er programserien Puls, som inneheldt tips til eigentrening. Men NRK lagar òg "koseprogram" om kvardagslege syslar som hagestell, barneoppseding og hundehald. Eit døme på ei samansmelting av livsstilsjournalistikk, opplysningsjournalistikk og feelgood-underhaldning er serien Fra bølle til bestevenn som blei send på NRK i 2020.
Rangering av livsstilar
I ei masteroppgåve frå 2007 som tek for seg ein studie av Dagbladets helgemagasin Magasinet, peiker Torunn Sæth på korleis media rangerer ulike livsstilar. Nokre livsstilar er meir høgvørde enn andre, og mediedekninga speglar på denne måten økonomiske og kulturelle maktforhold i samfunnet.
Vinspalter og livsstil
Mange aviser, vekeblad og nettaviser har eigne vinspalter.
Kva målgruppe trur du desse spaltene rettar seg mot?
Kva kan det komme av at så mange nordmenn dei siste åra har blitt "ekspertar" på vin?
Ekspertråd om trening
Statistikk frå 2019 viser at fire av fem nordmenn trener minst éin gong i veka. Journalistikk som handlar om trening, er derfor godt stoff, anten temaet er crossfit eller rusleturar for eldre. Det finst etter kvart òg mange podkastar du kan lytte til som gir deg gode treningsråd.
Vi ser opp til dei som trener hardt og mykje. Denne livsstilen har blitt eit ideal for unge som høyrer til det som blir kalla "generasjon perfekt". I mange medieforteljingar blir trening knytt meir til kropp og utsjånad enn til helse. Gutane i reality-serien Paradise Hotel viser stolt fram sixpack-muskulaturen sin. Og i VG-artikkelen "Slik kan du få six-pack på ti minutter" følger journalistane opp med gode råd.

Yngvar Andersen er ein kjend TV-profil frå program som handlar om trening, og er òg ein mykje brukt foredragshaldar. I denne podkasten møter du han i samtale med komikaren Jonis Josef. Kva synest du om råda han kjem med?
Fysisk aktivitet
Kva er fysisk aktivitet, og kvifor er det så vanskeleg å få til? Kva gjer fysisk aktivitet med kroppen og med hjernen? Kvifor har nokon godt uthald utan at dei trenar? Kva er ein sunn livsstil? Dette ...
Tekstversjon
Deltakarar:Jonis Josef – ProgramleiarYngvar Andersen – YA
Programleiar: Hallo folkens, eg heiter Jonis Josef, og i dag skal eg snakke om fysisk aktivitet saman med TV-personlegdom og treningscoach Yngvar Andersen. Han er ein stor og sterk kar som skal lære meg kva fysisk aktivitet er og kan vere, kvifor eg skal bevege meg og korleis ein skal få tid til å trene i ein travel kvardag.
Du høyrer på "Kva veit eg?" med Jonis Josef.
Velkommen, Yngvar Andersen.
YA: Tusen takk!
Programleiar: Eg har hatt gleda av å prate litt med deg, og du er ein veldig sjarmerande, sterk og stor mann.
YA: Takk, det er jo veldig hyggeleg å høyre. Det var hyggeleg å prate med deg òg.
Programleiar: Det er godt å høyre. Først og fremst, kva driv du med?
YA: Svaret er vel at eg jobbar med å få folk til å bevege seg meir. Meir spesifikt held eg foredrag. Eg er ein del rundt omkring på skular og arbeidsplassar, der eg møter masse folk. Det siste året har eg starta opp eit digitalt treningsselskap som sender treningar døgnet rundt frå heile verda til den norske marknaden.
Programleiar: Aha, akkurat som heimekontor, berre at det er heimetrening?
YA: Treningsselskapet skal jo halde fram etter koronaen også, men det har skote ekstra fart på grunn av pandemien, sidan mange har skjønna at det har vore det einaste høvet til å få hjelp til trening.
Programleiar: Viss det er det som skal til for å sjå ut som deg, så vil eg gjerne melde meg på umiddelbart!
YA: Du skal få teste oss.
Programleiar: Ja, det håpar eg. Fysisk aktivitet for meg er å gå opp trapper, gå til og frå butikken og ta meg ein løpetur i ny og ne når eg kjenner at forma er dårleg. Men kva er eigentleg fysisk aktivitet?
YA: Det du beskriv, er den aller flottaste forma for fysisk aktivitet. Eg har lagt merke til at du er veldig rask, stemmer ikkje det?
Programleiar: Jo, eg liker å tru at eg er det.
YA: Eg ser det på rørslene dine og tenker at du trener litt. Og så vil eg tru at det går fort alle dei gongene du går opp ei trapp, eller når du går til butikken.
Programleiar: Ja, faktisk – eg har teke to steg av gongen …
YA: Eg gjetta berre, men det er jo sånn at viss ein utnyttar moglegheitene i transportetappar til å dra på lite grann, så kan ein komme i ganske god form med relativt lite av det vi kallar ordinær trening.
Programleiar: Ja, så ein kan bruke desse trappene og handleturane som trening?
YA: Ja. Det er klart at det kan høyrast fint og flott ut, og ein tenker kanskje "ja, sikkert …". Det er i og for seg sant at du ikkje blir ikkje vanvitig "fit" av det. Du får ikkje bicepsar, sprettrumpe og ein vanvitig muskelmasse. Men dei aller fleste i Noreg og elles i vår del av verda som ikkje må vere i fysisk aktivitet og bruke kroppen, let vere. Det er menneskeleg. Vi er programmerte til å ta det med ro når vi kan, og til å innta litt ekstra næring når vi har høvet til det. Det er derfor heilt unødvendig å kjenne på skuld og skam over å ikkje få til å trene og ete sunt. Det er naturleg å ete for mykje, og det er rasjonelt å unngå fysisk aktivitet viss du har høvet til å ta ei rulletrapp eller køyre bil til butikken, slik at du kan legge varene rett i bagasjerommet.
Programleiar: Eg har jo sjølv kjent på den skamma som du beskriv. Du er ferdig med vidaregåande, sluttar med fotball og blir oppslukt av livet og jobb og sånn. Før du veit ordet av det, har det gått eit par år utan trening. Då tenker du "å, eg er så tynn, eg må bygge litt musklar", og så du melder du deg inn på eit treningssenter. Men så møter du ikkje opp, og då kjem den skamfølelsen igjen, og det forverrar seg. Før du veit ordet av det, har det gått eit par år til utan at du har løfta ein finger. Kva kan ein gjere for å halde seg motivert sjølv om ein veit at ein er eit menneske fullt av feil?
YA: For det første er du ikkje eit menneske fullt av feil, men eit menneske som agerer sånn som naturen har instruert oss til å agere. Det er jo berre dei siste få tiåra at vi har kunna la vere å bevege oss. I heile menneske si historie har det er stort sett handla om å jobbe hardt med kroppen. Bortsett frå ei viss privilegert overklasse med kongar og høvdingar og sånn har dei aller fleste måtta jobbe veldig hardt for å overleve. No treng vi ikkje lenger å bruke kroppen for å sanke mat og komme vekk frå farar. Ein er ikkje eit udugeleg menneske, og ein er ikkje lat, ein er rett og slett smart.
Programleiar: Når eg ser bilete av besteforeldre, ser dei råsterke ut, dei er fulle av musklar og er kjempesterke. Og så veit eg at SATS ikkje eksisterte den gongen. Kva er forskjellen på menneska som lever no, og dei som levde for cirka hundre år sidan?
YA: For hundre år sidan, og kanskje berre for femti år sidan, var det mange som jobba altfor hardt. I mange delar av verda er det mange som gjer det den dag i dag. Vi har ikkje vore innom ein slags middelveg.
I Noreg kan vi gå berre eit par hundre, hundre og femti år tilbake i tid til då vi hadde rallarane som for hand hogde stein og bygde jernbane i tolv timar kvar dag. Det er eit arbeid som rett og slett er for tungt for eit menneske – ein blir øydelagd og døyr altfor tidleg. Ein dør ikkje av eit usunt kosthald eller sigarettar, men rett og slett av slitasje. Og så gjekk vi veldig raskt over til å bli øydelagde av i stor grad det motsette.
Når eg seier dette med å vere smart, er det ikkje for å vere veldig morosam, men eg seier det med glimt i auget. Det er samtidig slik at det å bevege oss og drive med fysisk aktivitet er det aller beste vi kan gjere for kroppen – og ikkje minst for toppen. Hjernen er det organet i kroppen som har mest nytte av fysisk aktivitet.
Det er viktig å vite at vi ikkje blir lykkelege berre av å bevege oss. Viss du har det tungt – til dømes fordi du har kjærleikssorg, har mista nokon eller er i ein fortvila situasjon med venner – og tek deg ein joggetur eller går fort opp ei trapp, så forsvinn ikkje problemet. Men du kan få lite grann meir kraft og krut til å ta tak i det. Viss du har det bra og spring ein tur i skogen – eller i byen for den saks skuld – i ein times tid, så kan ein i nokre tilfelle kanskje seie at det handlar om lykke. Du har det bra og får det endå betre.
Poenget er at fysisk aktivitet alltid vil spele ei positiv rolle akkurat her og no. Det handlar også om at det blir laga nye koplingar i hjernen. Derfor kan vi seie at det å springe raskt opp trappene, gå på treningssenteret, gå ein tur i skogen eller å spele fotball – spesielt å spele fotball faktisk – er uhyre gunstig for å utnytte den kapasiteten som vi har i hjernen, endå betre.
Programleiar: Du har så enormt store hender! Eg kjem ikkje over kor store hender du har. Du gestikulerer litt når du forklarer noko, og eg tenkte at dei var så fantastiske …
YA: Ein av dei tinga eg gjerne skulle brukt dei meir til, er å spele basketball. Eg kjem jo frå ein plass i Noreg inst i Sogn som heiter Luster …
Programleiar: I Sogn og Fjordane?
YA: Ja, og der er det lite basketkultur.
Programleiar: Eg ser at viss du hadde spelt basket, så hadde du gått rett inn i NBA (National Basketball Association), haha.
YA: Eg fekk eit tilbod frå fjerde divisjon på Sardinia i Italia i 1998, faktisk.
Programleiar: Kva svarte du då?
YA: Eg blei spurt etter eit ein-mot-ein-spel på gata, og eg visste at eg eigentleg ikkje kunne spele skikkeleg basketball. Eg valde å ikkje reise på prøvespeling, for eg visste at det var betre å på ein måte berre ha tilbodet der. Eg hadde nok ikkje fått det viss eg hadde prøvespelt.
Programleiar: Det er nokon som tek trening veldig på alvor og trener kvar dag, og så er det nokon som ikkje trener i det heile. La oss ta eit gjennomsnittleg menneske som har lyst til å komme seg litt i aktivitet, men som ikkje orkar å melde seg inn i eit treningssenter og å gjere all verdsens. Kva kan eit vanleg menneske gjere for å få inn litt aktivitet i kvardagen?
YA: Eg trur det er lettast å få til noko når ein ikkje er direkte motivert av verken utsjånad eller prestasjonar. Det beste er å knyte aktiviteten til noko sosialt. Sjølv om det kan høyrast litt lite sexy ut, så er det å møtast for å gå ein tur noko som lett kan utviklast til å springe litt. Prøver du det, så merke du at samtalen gjerne går mykje raskare opp til eit nivå der ein snakkar om meir interessante ting enn når ein berre set seg ned, eller til og med når ein er på fest. Eg pleier ofte å seie at effekten på praten etter ti minutt med trening er den same som etter eit par glas med vin. Du kjem raskt inn i ein meir fortruleg samtale. Sånn som du og eg hadde her i stad, då eg hadde sprunge hit, og du hadde vel hoppa rundt i studioet?
Programleiar: Så du løp hit i dag?
YA: Ja, sånn delvis.
Programleiar: Sånn kan ein altså snike til seg ein løpetur.
YA: Ja, eg har jo dyrka det i alle år. Eg er 46 år, og eg har aldri hatt bil og aldri hatt lappen. Eg veit at viss eg hadde hatt det, ville eg ha gått glipp av veldig mange løpeturar og gåturar frå A til B. For eg er som alle andre; viss eg har eit veldig godt hjelpemiddel tilgjengeleg, så vil eg gjerne bruke det. Men viss det ikkje er der, så spring eg.
Programleiar: Eg har ein bil som eg har nytta meg av mykje dei siste månadene. Men kjærasten min har teke med seg bilen på hyttetur, så eg har sprunge rundt og stressa. I dag tok eg taxi hit, og eg fann ut at det ikkje var meir enn sju minutt med taxi, så eg kunne eigentleg ha gått, hehe. Så det er ei omstilling.
YA: Det er jo mange som går rundt og er ganske kult kledde, sjølv om dei går i klede og sko som er så behagelege at det ikkje er det som stoppar dei frå å vere aktive. Folk går til dømes i sneakers i ulike former, og sjølv om det ikkje er Nikes fremste løpemodell, så går det jo fint an å vere i fysisk aktivitet i nokre minutt utan at du må skifte og byte til andre klede.
Programleiar: Veit du kva eg synest er litt slitsamt med heile den treningskulturen? Det er dette med kjønnsideal og kroppspress, at ein skal vere svær og løfte så mykje, benke ditt og "makse" datt, ha bestemde "kasser" og sixpack. Viss ein trener, men likevel ikkje har det, kjennest det litt ut som at ein har gjort noko feil eller ikkje trent hardt nok eller bra nok. Eg trur at det er mange som kvir seg for å trene, fordi det er enklare å ikkje bli med på det kappløpet enn å tape det.
YA: Der trur eg du er inne på noko veldig viktig. Eg kjenner til mange historier om at det er tryggare å melde seg ut. Det har for så vidt eg også prøvd, i andre samanhengar. I staden for å ta kampen eller gå inn i det så melder ein seg ut. Eg trur at mange har for lite forståing for kor ulike vi er laga når det gjeld den reine fysikken – både med tanke på korleis vi presterer, og korleis vi ser ut. Eg vog til dømes 93 kilo då eg var 13 år.
Programleiar: For ein svær baby!
YA: Ja, hehe. Og eg tok vel 135 kilo i benkpress då eg var 14 år, og det var jo veldig gøy. Men eg har ein nabo som nesten aldri trener, og sjølv om eg trener veldig mykje og er glad i å springe, så er han alltid betre enn meg i motbakkar når vi dreg ut på ein løpetur saman. Dette er eit overtydeleg døme, men vi er veldig ulike. Eg trur til dømes at du vil slite veldig med å bli like sterk som det eg var som 14-åring. Men eg er heilt overtydd om at du hadde slått meg i eit motbakkeløp, sjølv om du hadde lege på sofaen i ti år, og eg berre hadde trent i motbakke. Skjønnar du at det er ein stor forskjell?
Programleiar: Ja, noko av det som gjorde meg interessert i fysikken, er det du seier der. Eg skjønna at det finst ulike kroppstypar. Til dømes skjønna eg at ein slank kroppstype som det eg har, ikkje er ein dårleg kroppstype. Det betyr berre at han har andre styrkar, til dømes langdistanseløp og jogging – uthald rett og slett. Så har du dei på den andre sida av skalaen, som er veldig eksplosive og sterke. Då eg innsåg dette, byrja eg å tenke over at eg kanskje berre skal dyrke kroppen min og det kroppen min har godt av. Derfor fekk eg veldig meirsmak av jogging. Eg hadde ikkje jogga på åtte år, og så tok det nøyaktig éin joggetur før eg dobla tida!
YA: Det overraskar meg ikkje. Eg hadde ein TV-serie for veldig mange år sidan som heitte "Alle har eit idrettstalent". Då gjaldt det å få tak i fire utrente menneske som skulle finne ein idrett ut frå dei føresetnadene dei hadde. Dei skulle bli ganske gode på kort tid. Eg trur at det er mange som ikkje forstår dette, for det er litt vrient. Ein trener på ein bestemd måte og tenker at resultatet blir deretter, men sånn er det jo ikkje, og det kan vere ganske fortvilande. Det er veldig mange som kan ha ein utsjånad som mange er ute etter, utan at dei er i god form. Mange kan vere ekstremt godt trente og frykteleg sterke og likevel ikkje ha tilløp til ein synleg sixpack. Og så har du dei som ikkje gjer noko for å bygge musklar, og likevel har dei den klassiske sixpacken.
Programleiar: Eg har sixpack, trur eg! Og eg har ikkje teke nokon situps på mange år, hehe.
YA: For somme er det berre å knipse og stramme inn kosthaldet i to veker, og så er dei der. Andre må kanskje vente i fleire år før dei ser eit tilløp til endring. Det er rett og slett litt urettferdig.
Viss ein ønsker seg ein veldig muskuløs kropp, men er laga for langdistanse og uthald, er faktisk ikkje sånn at det berre er å stå på. Dette snakkar eg ofte om til yngre menneske. Ein blir pepra med tanken om at viss du vil det nok og jobbar hardt nok, så får du til det du vil. Men innanfor veldig mange område er det ikkje sånn, i alle fall ikkje når det gjeld kropp og prestasjonar. Det kan vere litt tungt å høyre, men sånn er det. Men sjølv om du har føresetnader for å vere uthaldande og veldig god på lange løp, Jonis, betyr det ikkje at du ikkje kan bli sterk. Det betyr berre at du ikkje blir like sterk som meg. Og eg ville ikkje ha hatt ein sjanse mot deg, sjølv om eg berre hadde sprunge, og du berre hadde sprunge ein tur i ny og ne.
Programleiar: Ja, ikkje sant – det er utruleg fascinerande. Det er litt som å sjå på kroppen sin som ei superkraft. Du veit ikkje veit heilt kva kraft det er før du blir kjent med deg sjølv, eller testar kroppen din litt.
YA: Det er ein del som ser på "Mesternes mester". Det er jo eit veldig populært program, og ein ser på det av ulike grunnar. Ein av dei tinga eg synest er morosamt med det, er å sjå at superatletar som innanfor sitt område har vore best i verda, kan vere dårlege på ein del andre ting. Det bør vere litt opplysande.
Programleiar: Kva vil du seie er ein sunn livsstil? Eg er ein gjennomsnittleg ung mann, eg tek meg nokre glas vin her og der, eg sit mykje på sofaen og ser på seriar, men eg jobbar også veldig iherdig. Eg prøver å lage maten frå botnen av og å ha eit variert kosthald med grønsaker. Kva anna er det eg treng for å ha eit sunt liv?
YA: Fysisk aktivitet er jo noko som definitivt høyrer med i ein sunn livsstil. Eg har lyst til å trekke fram eit døme på kva effekt rørsle kan ha. På bakgrunn av HUNT-undersøkinga, der ein følgde folk i Nord-Trøndelag i mange tiår, fann nokre australske forskarar ut at viss du er heilt inaktiv, har du 44 prosent større sjanse for å utvikle depresjon enn viss du er aktiv i totalt éin time i veka – uansett intensitetsnivå. Det held altså å rusle seg ein times tur. Det eg vil fram til, er at sunnheit er så mangt, men berre det å bevege seg éin time, aukar sjansen betydeleg for å unngå depresjon. Det er det ganske mange som lid av, og ekstra mange no i 2020–2021.
Programleiar: No skal eg samanfatte det vi har snakka om: Fysisk aktivitet er ikkje éin spesifikk ting, det kan vere så mangt. Til og med turane til og frå butikken og det å gå opp trappa kan vere fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet er bra i den forstand at det hjelper hjernen. Det gjer deg ikkje nødvendigvis kjempelykkeleg, men det kan gi deg verktøy til å få det litt betre. Du kan gå frå å vere veldig frustrert til å vere litt frustrert, eller du kan gå frå å vere glad til å bli lykkeleg.
Elles er kropp komplekst, ikkje minst dette med overvekt og undervekt, for folk er bygde ulikt. Du sa nokre viktige ting om kroppsfasong som eg likte veldig godt. Vi to er jo heilt ulike, eg har ein langdistansekropp, og du har ein styrkekropp. Det betyr at eg ikkje nødvendigvis kjem til å bli like sterk som deg, og du kjem ikkje til å springe like langt som meg. Men eg kan likevel bli sterk, og du kan også springe langt. Det er greitt å vere ulike.
YA: Eg har veldig lyst til å legge til éin ting med tanke på kva aktivitetar ein gjerne kan drive med. Det speler inga rolle kva du gjer, berre du lagar gode vanar. Anten du har minst motstand mot fotball, yoga, innebandy, kampsport eller styrketrening – berre gjer det, og drit i alt det andre. Etter kvart kjenner du kanskje at du skulle ha byrja å springe litt, sjølv om du eigentleg elskar styrketrening – eller motsett. Så ikkje bry deg om såkalla optimale opplegg. Eg seier ikkje at du skal gjere det du synest er gøy, for det er kanskje ikkje noko her og no som du synest er gøy, men gjer det du har minst motstand mot. Dyrk det, og lær deg å elske det, og så utviklar du deg derfrå. Anten det tek tre eller ti år å gjere det optimale, kjem du dit, berre du ikkje gir deg.
Programleiar: Og med det seier eg tusen takk til deg, Yngvar Andersen.
YA: Tusen takk!
Kosthaldsjournalistikk
I tillegg til trening er kosthald eit viktig element i ein sunn livsstil. I TV-ens barndom var det Ingrid Espelid Hovig som kom med gode råd om sunn og næringsrik kvardagsmat.
I dag er det meisterkokkane som har teke plass i TV-ruta. Å lage mat frå botnen av ved hjelp av eksklusive råvarer signaliserer ein livsstil som er assosiert med høg sosial status. Eit klassisk meisterkokkeprogram er Hellstrøms mesterkokk frå 2012. I etterkant av TV-suksessen har mange av meisterkokkane laga liknande TV-innslag for aktørar i daglegvarebransjen, som Rema 1000 og Oda.com (tidlegare Kolonial.no). Dette kan framstå som fordekt marknadsføring.
I NRK-klippet "Er jeg en mesterkokk?! på YouTube lærer Victor å lage mat av superkokk Christer Rødseth, kjend òg frå programmet Farmen kjendis på TV 2.
Slankeråd frå ekspertane
Mange i Noreg slit med vekta. Avisa VG har sidan 2005 hatt suksess med betalingstenesta Vektklubb. Opplegget er basert på Helsedirektoratets nasjonale tilrådingar om kosthald og fysisk aktivitet og er utvikla i samarbeid med ekspertar på fedme. Målet er å hjelpe overvektige til å lage seg nye og sunne vanar som varer.
Lettvinte slankeråd er godt stoff i aviser og vekeblad, spesielt etter høgtider som jul og påske. Men råda du får, er ikkje nødvendigvis gode. "Slankekurar" av alle slag fører i mange tilfelle berre til kortvarig vektreduksjon. Forsking viser at det berre er livsstilsendring over tid som gir varig effekt. Dessutan er mange genetisk disponerte for overvekt, og derfor er det òg viktig å trene på å akseptere seg sjølv som den ein er.
Aktuelle lenker:
Tenk etter
Ekspertenes oppskrift: Bli kvitt feriefettet
Professor: – Pålegget som hjelper deg ned i vekt
Kvifor bruker Dagbladet slike titlar på artiklar som handlar om kosthald og slanking?
Kjelder
Bech-Karlsen, J. (2000). Intimsfæren i medieoffentligheten. I von der Lippe & Nordhaug (Red.), Medier, påvirkning og samfunn. Cappelen Damm Akademisk.
Dalen, H. B. (2019, 30. oktober). Styrketrening stadig mer populært. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/artikler-og-publikasjoner/styrketrening-stadig-mer-populaert
Figenschou T., Grøndahl Larsen, A. & Thorbjørnsrud, K. (2018). Lokal helse og omsorg i mediene: Mediepåvirkning på nært hold. Institutt for samfunnsforskning (Rapport 2018:9). https://samfunnsforskning.brage.unit.no/samfunnsforskning-xmlui/bitstream/handle/11250/2503033/Rapport_9-18_web.pdf
Henne Vakker. (2014, vår). Aller media.
Rødahl, J. M. (2018, 16. august). Ekspertenes oppskrift: Bli kvitt feriefettet. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/mat/ekspertenes-oppskrift-bli-kvitt-feriefettet/70010079
Rødahl, J. M. (2018, 30. august). Professor: - Pålegget som hjelper deg ned i vekt. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/mat/professor---palegget-som-hjelper-deg-ned-i-vekt/70088024
Skaar, K. M. (2014, 30. mai). Mer glam og botox enn noen gang. Forskning.no. https://forskning.no/medievitenskap-forbruk-hus-og-hjem/mer-glam-og-botox-enn-noen-gang/559121
Sæth, T. (2007). Livsstil og helgebilag. Magasinet som journalistisk produkt [Masteroppgave, Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo]. DUO vitenarkiv. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/27645/Masteroppgave.pdf