Funksjonsmangfald - Introduksjon - Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Funksjonsmangfald

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

Det finst eit stort funksjonsmangfald i samfunnet vårt. Dette mangfaldet er ikkje alltid like synleg, og dei av oss som har ei funksjonsnedsetting, kan møte ulike utfordringar.

I denne læringsstien skal du

  • få kunnskap om funksjonsnorma, om funksjonsmangfald og funksjonsnedsettingar
  • reflektere over normene og forventningane ungdom med funksjonsnedsettingar kan møte
  • utforske kva for utfordringar og fordommar minoritetsungdommar kan stå overfor
  • diskutere kva du, skulen og samfunnet kan gjere for at alle skal bli inkluderte

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet press og stress.

Læringsstien er laga i samarbeid med Unge funksjonshemmede, ein paraplyorganisasjon for 38 organisasjonar som representerer ungdom med synleg og usynleg funksjonshemming eller kronisk sjukdom.