Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Samarbeid i helseserviceyrka

Som helseservicearbeidar vil du samarbeide tett med både kollegaer og andre yrkesgrupper. Desse oppgåvene gir deg høve til å forstå kvifor profesjonell kommunikasjon er viktig, og å øve på å bruke slik kommunikasjon i tverrfaglege samarbeidssituasjonar.

1. Fullfør setningane

Vel rett ord for å fullføre setningane.

2. Rollespel: personalmøte

Tverrfagleg samarbeid i helseserviceyrka byrjar allereie på arbeidsplassen. Regelmessige personalmøte der de diskuterer aktuelle saker, er viktig for eit godt arbeidsmiljø og trivsel. I denne oppgåva skal de jobbe i grupper på fem eller seks elevar. De skal lage eit rollespel med eit personalmøte.

Førebuing

  • Bestem om møtet skal finne stad på eit legekontor, ein tannklinikk, eit sjukehus eller eit apotek.

  • Fordel rollene. Den som skal vere leiar, lagar ei saksliste i samarbeid med gruppa og sender møteinnkalling via e-post. Sakslista kan omfatte tema som fordeling av arbeidsoppgåver, utfordringar med vareleverandørar, trivselsreglar, kursplanlegging eller sosialt samvær.

  • Lag eit manus der alle bidreg med innspel til sakene. Målet er at i møtet skal det utvikle seg ein diskusjon med utgangspunkt i manus, slik at samtalen blir dynamisk og ikkje heilt føreseieleg, samtidig som det er profesjonell og strukturert kommunikasjon. Kvar elev skal i tillegg skrive eit eige manus for å førebu seg på rolla si i møtet.

Gjennomføring

Gjennomfør rollespelet. Ein elev skriv møtereferat undervegs. Under rollespelet skal de legge særleg vekt på profesjonell kommunikasjon.

Refleksjon

Etter rollespelet diskuterer gruppa korleis det gjekk.

  • Korleis opplevde de rollene de fekk tildelt?

  • Vart møtet strukturert og effektivt gjennomført?

  • Oppstod det misforståingar? Korleis vart dei løyste?

  • Kjende alle seg høyrte og respekterte under diskusjonen?

  • Korleis påverka kroppsspråk og tone kommunikasjonen?

  • Ville de handtert møtet annleis i ein verkeleg arbeidssituasjon? I så fall korleis?

  • Kva lærte de om samarbeid og kommunikasjon i ein profesjonell samanheng?

Relatert innhald

Skrive av Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 17.03.2025