Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Brettspel om helsefremmande faktorar

I denne oppgåva får de bruke kreativitet og fagkunnskap til å lage eit brettspel som gjer det mogleg å lære om kva som påverkar helsa vår, og korleis vi kan rettleie andre om kva som fremmar psykisk og fysisk helse.

Korleis brettspel kan fremme god helse

Å spele spel er både gøy og lærerikt! Brettspel kan gi ei rekke helsemessige fordelar fordi det stimulerer minne og problemløysing, reduserer stress, gir meistringsopplevingar og fremmar sosialt fellesskap.

Lag eit brettspel

I denne oppgåva skal de lage eit brettspel for ungdom som gjer det mogleg å øve på fagstoff mens de speler.

Tema for spelet er individuelle og miljømessige faktorar som påverkar psykisk og fysisk helse, og korleis du som fagarbeidar kan rettleie andre om kva som fremmar psykisk og fysisk helse.

Jobb gjerne saman i par eller grupper. Når de er ferdige med spelet, skal de først teste det i eiga gruppe og gjere nødvendige justeringar. Deretter byter de spel med ei anna gruppe som skal spele og gi tilbakemeldingar på spelet.

Framgangsmåte

Nedanfor finn de ein gjennomgang av kva de skal gjere.

1. Lag oppgåver med fagleg innhald

De skal lage spørsmål og oppgåver med utgangspunkt i temaet. Spørsmåla og oppgåvene skal brukast mens ein speler og vere ein del av spelets gang.

For at spelet skal gi både læring og speleglede, bør det innehalde varierte spørsmål og oppgåver som gir rom for fakta, refleksjon og handling. Når de lagar spørsmål og oppgåver, kan de til dømes bruke spørjeord som kva, kvifor, korleis, kva og på kva måte. De kan også formulere spørsmål som begynner med kva skjer viss og laga oppgåver der spelaren skal gjere noko praktisk i spelet.

Til kvart spørsmål og kvar oppgåve må de beskrive kva som blir rekna som ei god fagleg løysing slik at spelet gir moglegheit for læring.

2. Bestem korleis brettet skal sjå ut

Det finst fleire måtar å lage brettspel på. Det viktigaste er at brettet er oversiktleg og fungerer godt saman med spørsmåla, oppgåvene og spelereglane.

Diskuter i gruppa korleis brettet skal sjå ut. Bli einige om korleis de bygger opp spelet, mellom anna korleis spelarane bevegar seg på brettet, kva felt eller område spelet skal ha, og korleis spelarane møter spørsmål og oppgåver undervegs.

Spelet kan til dømes gå steg for steg mot eit mål eller gi spelarane høve til å velje mellom ulike felt eller vegar undervegs. Brettet kan også ha ulike felt eller område som handlar om ulike delar av temaet som individuelle faktorar, miljømessige faktorar eller rettleiing knytt til helse.

Spelet må vere lett å forstå for spelarane.

3. Lag spelereglar

Spelereglane skal forklare korleis brettspelet blir spelt frå start til slutt slik at andre kan forstå spelet ved å lese reglane.

I spelereglane skal det komme klart fram

  • kor mange spelarar spelet er laga for

  • kva spelet består av, til dømes brett, terning, spelebrikker og kort

  • korleis spelet startar

  • korleis spelarane bevegar seg på brettet

  • kva som skjer når ein spelar kjem til eit felt eller område

  • når spelet er ferdig, og kva som skal til for å vinne

Beskriv kva spelarane må gjere når dei møter eit spørsmål eller ei oppgåve og korleis dette påverkar den vidare gongen til spelet.

4. Form ut spelet

Spelbrettet skal vere oversiktleg og lett å forstå for spelarane, og det skal spegle temaet og det faglege innhaldet i spelet. Bruk kreativitet og fantasi slik at spelet blir innbydande og gøy å spele.

Lag det som trengst for å gjennomføre spelet, til dømes brett, spelebrikker, spørsmålskort eller andre kort.

Vel materiale som toler gjenbruk slik at spelet kan brukast fleire gonger. Det kan til dømes vere lurt å laminere spelbrettet, korta og brikkene, dersom det er mogleg.

5. Prøvespel og juster

Før de gjer spelet heilt ferdig, skal de prøvespele det saman i gruppa. Det må de gjere før de eventuelt laminerer.

Prøvespelinga gir høve til å sjekke om

  • spelereglane er tydelege

  • brettet fungerer slik de har planlagt

  • spørsmåla og oppgåvene er forståelege

  • spelet flyt godt frå start til slutt

Dersom noko er uklart eller ikkje fungerer som de tenkte, må de forandre på det.

Gi fagleg tilbakemelding på spelet

Når spelet er ferdigstilt, skal ei anna gruppe spele og vurdere det. Gruppa skal gi tilbakemelding på om spelet gir moglegheit for å lære om individuelle og miljømessige faktorar som påverkar helsa. Dei skal også seie noko om spelet bidreg til forståing og refleksjon rundt korleis fagarbeidaren kan rettleie andre om kva som fremmar psykisk og fysisk helse.

Relatert innhald

Tilhøyrsle til fellesskapet

Å føle tilhøyrsle dreier seg om å kjenner at du høyrer til hos nokon eller til ein stad. Alle har behov for å høyre til.

Skrive av Siv Stai.
Sist oppdatert 08.06.2026