Oppgåve
Interaktivt innhald
Kva og når skal du observere?
Observasjon er ein metode for å innhente opplysningar om allmenntilstanden, helsetilstanden og funksjonsnivået til brukaren, slik at tenestetilbodet kan tilpassast behovet til den enkelte. Kva betyr det for deg i jobben som helsepersonell?

Oppgåver
- Kva inneber det å observere ein brukar, pasient eller kunde?
- Kvifor er det viktig å observere i ulike situasjonar og omgivnader?
Beskriv ein situasjon der du som helseperonell kan observere ein brukar, pasient eller kunde.
- Kva for nokon generelle observasjonar kan du gjere i denne situasjonen?
- Kva for observasjonar kan du gjere av helsetilstanden til personen?
- Kva gjer du med opplysningane du har fått gjennom observasjon av ein person?
Vil du friske opp fagstoffet om objektiv og subjektiv observasjon og rapportering, kan du lese fagartikkelen frå vg1 som du finn i "Relatert innhald" nedst i denne ressursen.
- Bruk døme til å forklare forskjellen på objektiv og subjektiv observasjon og rapportering.
- Kvifor er det viktig at du som helsepersonell observerer og rapporterer objektivt? Diskuter med ein medelev.
- Kva betyr det å utvikle "eit klinisk blikk"? Diskuter i klassen.
Subjektiv eller objektiv observasjon og dokumentasjon?
I den interaktive oppgåva under skal du plassere totalt åtte notat frå pasientjournalar som anten subjektive eller objektive observasjonar.
Relatert innhald
Observasjon
Observasjon ein sentral del av det daglege arbeidet for fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene.
Dokumentasjonsplikt
Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.