Eit liv i grupper - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Eit liv i grupper

Ingen menneske lever isolert frå andre. Vi kan faktisk ikkje leve utan ein fellesskap med andre menneske. Det forstod også den amerikanske psykologen Abraham H. Maslow (1908–1970).

I 1954 definerte Maslow fem grunnleggjande behov som alle menneske har, og tydeleggjorde samanhengen mellom dei i ein behovspyramide.

Samspelet mellom oss grip inn på alle plan i denne pyramiden. Vi må samarbeide med andre for å skaffe oss mat og drikke, for å kjenne oss trygge, for å elske og å bli elska, for å få – og gi – anerkjenning, og for å realisere oss sjølve.

Vi er med i grupper heile livet. Rundt oss har vi vener og deira vener, slektningar og naboar, vi er med i foreiningar, klubbar og organisasjonar av alle slag, og vi knyter relasjonar på kryss og tvers.

Trongen til kontakt ligg til grunn for heile det sosiale nettverket vårt. Dei fleste gruppene oppsøkjer vi etter eige ønske, andre blir vi med i meir eller mindre ubevisst. Ofte tenkjer vi ikkje over at vi er med. Gruppene er så opplagte at vi ikkje ser dei. Vi merkar ikkje at vi påverkar gruppa eller at gruppa påverkar oss, og at både vi og gruppa er i stadig forandring.

Grupper – ein læringsarena

Gjennom samspel med andre menneske lærer vi å tilpasse oss kvarandre og å leve i ein fellesskap. Denne gjensidige læringsprosessen kallar vi sosialisering.

All sosialisering går føre seg i grupper. I dei første leveåra er familien og den nærmaste slekta viktigast for oss. Det er i denne primærgruppa vi først lærer om verdiar og normer, om skikk og bruk og om rett og gale. Her haustar vi våre første erfaringar med andre menneske.

Etter kvart blir sekundærgruppene viktigare. Barna og dei vaksne vi treffer i barnehagen, i skolen, i organisasjonslivet og i jobben, får meir å seie for oss di eldre vi blir. Desse gruppene blir fleire og større etter kvart som vi blir kjende med nye menneske.

Både i primærgruppene og i sekundærgruppene møter vi menneske som vi kan teste dei sosiale ferdigheitene våre på. Vi erfarer korleis dei reagerer på oss, og finn ut at dei har andre tankar, synspunkt og eigenskapar enn vi. Vi lærer å ta deira perspektiv og utviklar evna til innleving. Når barn på 3–5 år trøystar nokon som græt, viser det at dei har vorte i stand til å setje seg inn i kjenslene til andre personar.

Gruppene vi er med i i barnehage, skole og skolefritidsordningar, er med på å gi oss denne sosiale treninga. Der kan vi praktisere spelereglane som gjeld, få hjelp til å justere åtferda vår og hjelp til å finne plassen vår i samfunnet. I gruppene får vi erfaring med aggresjon, sinne, sorg og sjalusi – og med forelsking. Gruppelivet gir oss også eit større ordtilfang og gjer språket vårt betre.

Mykje av den formelle utdanninga går føre seg i grupper. Gruppearbeid er ein viktig del av undervisninga i skolar og på universitet. Og i arbeidslivet må vi operere i arbeidsgrupper, komitear og utval heile tida for å kunne løyse bestemte oppgåver.

Utfordringar til deg

  1. Gjer greie for korleis grupper er med på å dekkje grunnleggjande behov hos menneska.
  2. Kva er meint med at deltaking i grupper er ein del av sosialiseringsprosessen til menneska?
  3. Beskriv ei primærgruppe og ei sekundærgruppe. Har du gløymt kva det er, kan du finne fagstoff om dette på Vg1 helse- og oppvekstfag.
  4. Fordjuping: Les om sosialisering på sidene til samfunnskunnskap.

Relatert innhald

Fagstoff
Maslows behovspyramide

Behovsteori tek utgangspunkt i at vi er motiverte for å tilfredsstille behova våre. Motivasjon er eit resultat av at viktige behov ikkje er tilfredsstilte.

Fagstoff
Dei grunnleggande behova våre

I helse- og oppvekstsektoren skal du kunne hjelpe, støtte og rettleie andre menneske til å vareta dei grunnlegjande behova sine.

Skrive av Einar Gjærevold, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022