Kommunikasjon med menneske med språkforstyrringar - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjon med menneske med språkforstyrringar

Det finst ulike språkforstyrringar. Språktrening er viktig for å trene opp språkfunksjonen. I tillegg har det mykje å seie for sjølvkjensla til brukaren at du kommuniserer med han eller ho trass i språkvanskane.

Ver merksam på at intelligensen og evna brukaren har til å forstå situasjonen, ikkje treng å vere nedsett sjølv om han eller ho har språkforstyrringar.

Afasi

Afasi er ei type språkforstyrring. Ein brukar som har afasi, har problem med å uttrykke tankane sine i ord (motorisk afasi) eller har problem med å forstå tale (sensorisk afasi). Det kan vere at du ikkje alltid forstår det brukaren seier, eller at du ikkje får svar i det heile.

Råd for kommunikasjon med menneske med afasi
  1. Ta deg god tid. Ha tolmod og vent på svar. Sett av meir tid enn du pleier å gjere til "ein som snakkar".
  2. Plasser deg slik at du har blikkontakt.
  3. Bruk kroppsspråket medvite, vis at du er vennleg innstilt.
  4. Vend deg direkte til den det gjeld, snakk med personen.
  5. Oppmuntre personen til å halde fram sjølv om han/ho uttrykker seg ved å lage lydar.
  6. Bruk korte setningar, bruk få og klare ord med normalt tonefall.
  7. Unngå bakgrunnsstøy, det kan distrahere.
  8. Pass på at den afasiramma kan "lese" ansiktet ditt.
  9. Prøv å formulere spørsmål slik at dei kan svarast på med ja eller nei.
  10. Omformuler spørsmål viss personen ikkje oppfattar kva du meiner.
  11. Våg å innrømme at du ikkje forstår, men ikkje avslutt samtalen av den grunn. Still spørsmål viss du ikkje forstår.
  12. Spør om éin ting om gongen. Unngå å gå frå det eine temaet til det andre.
  13. Unngå å korrigere personen dersom han/ho seier noko feil. Personen vil ofte høyre det sjølv og prøve å rette på det.
  14. Bruk hjelpemiddel som bøker, bilete, teiknebrett, handteikn, teikn og skriv.

Stress

Stress aukar språkvanskane. Derfor må du vere tolmodig og la brukaren få tid til å uttrykke seg. Dersom han eller ho står heilt fast, kan du hjelpe brukaren litt i gang med å seie den første lyden i ordet. Du må aldri late som om du forstår når du eigentleg ikkje gjer det. Spør heller på nytt, eller prøv å hjelpe brukaren med å få fram bodskapen.

Kroppsspråk

Du må oppmuntre brukaren til å bruke kroppsspråk, og legg til rette for å bruke hjelpemiddel som bilete, fotoalbum, klokke, kalender, papir og blyant.

Den som har språkvanskar, kan ha problem med å stille spørsmål. Du må derfor sørge for å gi detaljert informasjon om det som er relevant for brukaren. Fordi det kan vere vanskeleg å ta omsyn til for mykje på ein gong, bør du fordele mengda av informasjon over litt tid.

Brukaren bør ha berre éin å ta omsyn til om gongen, og bakgrunnsstøy må unngåast. Snakk roleg, og bruk korte, konkrete setningar. Du kan understreke det du snakkar om, ved å bruke kroppsspråk.

For nokon kan det vere ei støtte at du skriv setninga samtidig som du seier ho. Alternativt kan du teikne det du snakkar om.

Når du skal stille spørsmål, vil du erfare at lukka spørsmål kan fungere betre enn opne spørsmål i byrjinga.

Mange som har ulike språkforstyrringar, vil ha god nytte av å trene med ein logoped (talepedagog).

ASK

For å sikre god tilpassa helseinformasjon og kommunikasjon med menneske som har kommunikasjonsvanskar trengst det ulike kommunikasjonsverktøy. Det å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) kan bidra til å sikre kommunikasjonen.

Alternativ kommunikasjon blir brukt når nokon har behov for kommunikasjonsformer som heilt erstattar talen. Supplerande kommunikasjon blir brukt når det er behov for kommunikasjonsformer som kan støtte eksisterande tale som er utydeleg og svak.

Døme på ASK kan vere handteikn, fotografiar og grafiske teikn, materielle teikn eller konkretar, tematavler eller spesielle teiknebrett.

Årsaker til språkforstyrringar

Språkforstyrringar kan komme av medfødd sjukdom eller skade, eller på grunn av sjukdom eller skade seinare i livet. Språkforstyrringar kan dreie seg både om talevanskar og det å oppfatte språk.

Årsaker kan vere:

  1. cerebral parese
  2. psykisk utviklingshemming
  3. hjerneslag
  4. hjernebløding
  5. demenssjukdom
  6. hjernesvulst
  7. Parkinsons sjukdom
  8. hovudskade
  9. surstoffskade
  10. forgifting
  11. rusmisbruk

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig for ein pasient eller brukar at vi kommuniserer med han eller ho sjølv om dei har ei språkforstyrring?
  2. Kva er afasi? Beskriv dei to hovudformene for afasi.
  3. Kvifor er det viktig å vere tolmodig overfor ein person med språkforstyrring?
  4. Kva for nokre andre tiltak enn bruk av kroppsspråk kan komme til nytte i kommunikasjon med ein person med ei språkforstyrring?

Relatert innhald

Skrive av Lene Fossbråten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2022