Grupper på skulen - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Grupper på skulen

Når barna kjem over på mellomtrinnet i skulen, kjenner dei krava og rutinane som gjeld i det sosiale samspelet. Dei har stort sett lært seg dei sosiale ferdigheitene som trengst for å kunne samarbeide gruppevis. Gruppeaktivitetar skaper samhald og fellesskap.

Tidleg i ungdomsskulen har elev- og kameratgruppa begynt å spele ei sentral rolle for den enkelte, og dei unge er meir kritiske til dei vaksne.

I slike situasjonar har det vist seg at gruppearbeid er eit godt verkemiddel for å skjerpe konsentrasjonen og motivere sjølv dei mest urolege elevane for skulearbeidet.

Mot slutten av ungdomstrinnet er elevane blitt meir modne. No er dei opptekne av kva dei skal bli, og kva for utdanning dei skal velje. Gruppearbeid og prosjektarbeid blir ein viktig måte å tileigne seg nytt fagstoff på. Det gir dessutan elevane viktig samarbeidserfaring som dei kan dra nytte av i studiane vidare og i arbeidslivet.

Korleis får vi grupper til å fungere i skulen?

Sjølv om settinga er annleis, fungerer barne- og ungdomsgruppene i hovudsak likeins anten dei er i barnehagen eller i skulen. Kjenneteikna på ei gruppe som fungerer godt eller dårleg, er dei same. Men vi må setje i verk andre tiltak for å stimulere til eit godt samspel når barna er i skulealder.

Noko av det viktigaste vi kan gjere, er å gripe inn når nokon ikkje deltek i gruppa – eller ikkje får delta. Vi kan då

  • organisere aktivitetar der alle kan delta
  • gi ros når nokon set i gang inkluderande aktivitetar
  • etablere venegrupper der ideen er at alle har nokon å vere saman med. Ei slik ordning krev at vi òg samarbeider med foreldra til barna.
  • opprette fadderordning. Vi kan la eldre barn passe på dei yngre og hjelpe dei til rette. Ein klasse på sjuande trinn kan til dømes få ansvar for å hjelpe førsteklassingane når dei begynner på skulen.
  • arrangere teaterframsyningar, matlagingskurs, skidag i slalåmbakken, lavvoleir eller andre samlande aktivitetar som skaper klassetilhørsle
  • betre dei sosiale ferdigheitene

Utfordringar til deg

  1. Kva for sosiale ferdigheiter trengst for å fungere i ei gruppe?
  2. Kva for aktivitetar kan verke samlande for ei gruppe?
  3. Korleis kan du vere med på å styrkje fellesskapskjensla i ei gruppe?
  4. Kvifor er det viktig med eit godt samspel i gruppa?
Skrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021