Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Nokre barn og unge kan ikkje kommuniserer ved hjelp av verbalt språk. Grunnen kan vere medfødde skadar eller sjukdom. Når du skal kommuniserer med barn som har svakt eller ikkje utvikla verbalt språk, er det fint om du kan nytte ein eller fleire alternative og supplerande kommunikasjonsformer.

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Barn og unge som heilt eller delvis manglar tale, treng hjelp for å gjere seg forståtte. Dei treng tilgang til alternativ og supplerande kommunikasjon.

  • Alternativ kommunikasjon blir nytta når barn eller unge har behov for kommunikasjonsformer som heilt erstattar talen.

  • Supplerande kommunikasjon blir nytta når barn eller unge har behov for kommunikasjonsformer som kan støtte eksisterande (utydeleg eller svak) tale.

Nokre barn og unge forstår alt du seier, men manglar evna til å tale. Andre både manglar tale og har forseinka språkforståing. Det er òg barn og unge som har lita eller inga forståing av kva som blir sagt. Alle vil ha behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, men behova varierer mellom kvar enkelt.

Autonomien til barnet (sjølvbestemming)

Når du skal jobbe med å forstå kva barn uttrykkjer, må du ha ei haldning til at barnet er autonomt. Det vil seie at barnet får moglegheit til å vere ansvarleg i sitt eige liv. Du må derfor vere veldig sensitiv og ha eit blikk for kva barnet fortel gjennom handlingar, reaksjonar og veremåtar.

I samspelet med barnet skal du jobbe for å fange opp signala til barnet og fortolke kva det ønskjer å formidle, før du gir eit tilpassa svar. Dersom du har tolka feil, må du rette opp og prøve på nytt.

Som personalgruppe er det viktig at de saman blir fortrulege med å stille kvarandre spørsmål som: "Kva var det som skjedde her? Kva var det vi ikkje forstod? Kva kunne vi gjort annleis?" På den måten kan de sikre dykk at signala til barnet blir fanga opp best mogleg.

Du må derfor jobbe med å bli best mogleg kjent med barnet. Du må lytte, prøve å forstå og ta deg tid. La barnet sjølv bestemme kva det vil uttrykkje, og spør for å sjekke ut om du har forstått riktig.

I filmen under får vi eit innblikk i korleis ASK blir brukt i opplæringssituasjonar og i dagleglivet.

Ulike kommunikasjonsformer

Det finst fleire ulike alternative og supplerande kommunikasjonsformer. Det som blir mest nytta, er handteikn (teikn-til-tale), fotografi og grafiske teikn og dessutan bruk av materielle teikn og konkretar.

Dei ulike kommunikasjonsformene blir nytta på ulike måtar avhengig av kva som er føremålet med kommunikasjonen. I skular og barnehagar blir til dømes bilete nytta til å vise strukturen på dagen. Bileta blir sette inn i ein dagsplan eller hengde opp på tavla slik at barna kan sjå kva som skal skje i løpet av dagen.

I samlingsstunder blir gjerne handteikn, konkretar og piktogram nytta for å fremje kommunikasjonen. Det er behova til barna som avgjer kva kommunikasjonsformer som skal nyttast.

Handteikn

Dette er ei kommunikasjonsform der barn og unge nyttar hendene til å kommunisere med. Dette omfattar teiknspråket til døve, som er eit eige språk på lik linje med talespråket og som har eiga grammatisk oppbygging så vel som bøyingar og setningsdanning.

Teikn-til-tale er ei anna form for kommunikasjon som er mykje nytta. Å kommunisere gjennom teikn-til-tale inneber at vi nyttar handteikn i tillegg til talespråket.

Fotografi og grafiske teikn

Fotografi og grafiske teikn blir gjerne nytta for barn og unge som har rørslevanskar, motoriske vanskar eller kognitive vanskar. Ved hjelp av bilete, symbol eller teikn, som barna anten peikar på eller viser med blikket sitt, kan dei uttrykkje seg.

Mange lagar peiketavler der barna kan peike på ulike bilete, eller lagar små biletkort som barna kan hente når dei vil seie noko.

Materielle teikn og konkretar

Her er det snakk om fysiske objekt som barn og unge tek på. Dette handlar om å kommuniserer gjennom berøring, og det blir ofte kalla taktil kommunikasjon.

For nokre barn og unge kan det vere lettare å forstå omgivnadene og meininga bak teikna når dei kan utforske dei taktilt. Dette gjeld barn som har både nedsett syn og nedsett høyrsel.

Premacks ordbrikker er eit døme på taktile teiknsymbol. Dei er tredimensjonale og laga i tre eller plast og har ulik form.

Språkmiljø

Barn og unge som treng ASK, treng vaksne som er sensitive og tolmodige. Det er ikkje så ulikt frå når vi skal fremje og utvikle talespråket hos barn med forventa språkutvikling.

Vi må gå nær barnet, søkje augekontakt, snakke sakte og tydeleg. Vi må nytte korte setningar og gjenta det vi vil seie. Vi må observere og følgje med på ansiktsuttrykket og mimikken til barnet og kroppsspråket generelt. I tillegg må vi vere sensitive, tolmodige og følgje med på kva som skjer i samspelet med omgivnadene.

Utfordringar til deg

  1. Kva er alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)?

  2. Kven er alternativ og supplerande kommunikasjon berekna for?

  3. Kva ferdigheiter og eigenskapar treng du når du skal fremje og utvikle språket til barn og unge?

  4. Korleis tenkjer du vaksenrolla blir når du møter barn som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon?

Kjelder

Frambu. (u.å). Alternativ og supplerende kommunikasjon. Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser. https://frambu.no/tema/alternativ-og-supplerende-kommunikasjon/

Statped. (u.å.). Alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK). Statlig spesialpedagogisk tjeneste. https://www.statped.no/ask/

Relatert innhald

Ekstern
ASK

Nettside hos statped.no

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2023