Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Ytre salsmiljø for skobutikk

Oppgåva til det ytre salsmiljøet er å trekkje kundane inn i butikken. Korleis skal du gjere det?

Oppgåve

Du har fått jobb som butikkmedarbeidar i ein skobutikk. Butikken skal flytte inn i nye lokale. Lokala ligg i ei handlegate og har store vindauge på veggen ut mot fortauet. Inngangsdøra er midt på denne veggen.

Del 1

Lag ei skisse som viser det ytre salsmiljøet.

Dagleg leiar for butikken veit at du er kreativ og har bede deg lage ei skisse til eit nytt ytre salsmiljø. Ta utgangspunkt i det du kan om ytre salsmiljø og teikn i veg!

Du må tenkje på korleis du skal skilje deg ut. Vurder derfor

  • skilting

  • fargeval

  • utstilling

  • anna som er viktig for å få kundane inn i butikken

Del 2

Gå saman i grupper og presenter skissene for kvarandre. Grunngi vala de har gjort.

Skrive av Mette Holan.
Sist oppdatert 17.09.2026