Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Merkevarebygging Cutters

For å lykkast med merkevarebygging er det viktig med ein godt gjennomtenkt og heilskapleg strategi. Identifiser og skap behov hos målgruppa før du utviklar ein visuell identitet og bruker strategiar for å gjere merkevara kjend.

Oppgåve 1

Film: Merkevarebygging – Cutters

Sjå filmen nedanfor (lengde 05:07) om merkevarebygginga til Cutters.

Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler-Olsen / CC BY-NC-SA 4.0

Spørsmål

  1. Kva er merkevara Cutters?
  2. Kva kjenneteiknar ei sterk merkevare?
  3. I kva grad synest du Cutters har lykkast i å bygge opp ei sterk merkevare?
  4. Korleis er konkurransemidlane brukte for å bygge merkevara Cutters?

Oppgåve 2

Kjennskap til merkevara

Å skape kjennskap til merkevara er sjølve kjernen i merkevarebygging. Flest mogleg i målgruppa må gjerast kjende med merkevara. Målet er at kundar skal ha merkevara di som det naturlege førstevalet sitt.

Målgruppa sin kjennskap til ei merkevare kan delast inn i fire nivå:

  1. Ingen kjennskap til merkevara – dei har aldri høyrd om ho.
  2. Passiv kunnskap om merkevara – dei hugsar ikkje namnet, men kjenner igjen namn og logo når dei ser ho.
  3. Aktiv kjennskap til merkevara – dei kan namnet, og har litt kunnskapar om merket.
  4. Merkevara er heilt fremst i minnet – dette merket er det første dei tenker på når det er snakk om ein bestemd varetype.

Tenk over

  • Finn du døme på produkt for kvar av dei fire kategoriane?

  • Korleis har Cutters arbeidd for å skape kjennskap til merkevara, og kva nivå av kjennskap har dei nådd?

Oppgåve 3

Film: Suksesskriterier for merkevarebygging

Sjå filmen nedanfor (lengde 03:00) om kva Cutters meiner er suksesskriterium for merkevarebygging.

Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler-Olsen / CC BY-NC-SA 4.0

Skriv ned

Oppsummer med eigne ord den marknadsstrategien som Cutters har brukt.

Diskuter

Diskuter strategiane i klassen, og bli einige om smarte tips det er verdt å hugse på.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 06.05.2021