Oppgåve
Film
Er det behov for ideen?
I denne oppgåva skal de arbeide med å utvikle ein forretningsidé og gjennomføre ei marknadsundersøking.
Oppgåve
Del 1: Sjå filmen
Sjå filmen frå Innovasjon Norge nedanfor (lengde 01:37).
Film: Er det behov for min idé?
Har du tenkt å starta bedrift? Det første du bør tenkja på er å finna ut om det er ein marknad for ideen din. Film: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0
Del 2: utvikl ein forretningsidé
Jobb i grupper med å utvikle forretningsidear, og vel ut ein idé som de ved hjelp av ei marknadsundersøking vil finne ut av om det er behov for.
Det finst ulike øvingar som kan vere til hjelp for å kome på idear og få i gang prosessar for idéutvikling. Her er nokre døme på slike øvingar:
Relatert innhald
Del 3: gjennomfør ei marknadsundersøking
Utarbeid og gjennomfør ei marknadsundersøking. Følg fasane i ein tradisjonell undersøkingsprosess, og ta medvitne val i arbeidet med å utforme spørsmål til undersøkinga, samle inn data, analysere data og rapportere funn. Lykke til!