Utøvinga av servicerolla som vektar

Oppgåve 1
Reflekter over og gjer greie for rolla til vektaren som servicemedarbeidar. Vis til konkrete døme som kan oppstå i arbeidskvardagen til ein vektar.
Korleis kan interaktiv marknadsføring knytast til vektaren si rolle som servicemedarbeidar?
Drøft desse påstandane:
Høflegheit, vennlegheit og påliteleghet er dei viktigaste eigenskapane ein vektar kan ha.
Å vere vektar er først og fremst eit serviceyrke.
Uniforma er ein viktig del av den visuelle profilen til eit tryggingsselskap. Korleis kan bruk av uniform knytast til ekstern marknadsføring?
Ein svært viktig del av omdømmet til eit tryggingsselskap er korleis vektarar oppfører seg på jobb. Korleis kan både ekstern marknadsføring, intern marknadsføring og interaktiv marknadsføring knytast til korleis vektarar oppfører seg på jobb, og omdømmet til tryggingsselskapet?
Set opp tre til fem råd som du meiner er viktige for vektaren si rolle som servicemedarbeidar.
Oppgåve 2
Sjå videoen nedanfor, og legg spesielt merke til kva som blir beskrive som viktig i utøvinga av servicerolla som vektar. Reflekter òg over korleis måten vektaren utøver servicerolla på, påverkar omdømmet til vaktselskapet City Security og Furuset senter.
I filmen seier vektaren Mhamed Naoum at vektarjobben er veldig sosial. Utdjup kva han meiner med det, og gi konkrete døme.
I filmen seier vektaren: "Eg synest respekt er det beste middelet til å løyse problem". Utdjup kva han meiner med det, og gi konkrete døme.
Oppgåve 3
Drøft kvifor prinsippa som er beskrivne nedanfor, er viktige å overhalde for ein vektar:
Nulltoleranse: Ein vektar skal aldri ta eller ta imot noko frå kunden eller frå publikum. Ein vektar kan altså ikkje ta imot gratis gåver, anten det er noko så lite som ein reklamepenn eller noko å drikke.
Ein vektar har uniformsplikt. Synleg personleg tilbehøyr som smykkar, skjerf eller liknande er ikkje tillate. Vektaren skal berre bruke godkjende sko og eventuelle godkjende hovudplagg.
Når uniforma er på, er vektaren på jobb, og ein vektar skal derfor ikkje utføre personlege ærend iført uniform.
Oppgåve 4
Sjå videoen nedanfor før du svarer på spørsmåla.
Kva synest du om måten vektaren utøver rolla si på i denne situasjonen?
Kva ville du ha gjort vidare om du var vektaren?
Oppgåve 5
Kva konsekvensar kan det få dersom ein vektar ikkje greier å utøve servicerolla på ein formålstenleg måte?
Sjå videoen nedanfor, med Herman Flesvig i rolla som vektar.
Korleis kan aktlaus og upassande utøving av vektarrolla, slik vi såg i filmen, påverke omdømmet til vaktselskapet og til Nasjonalmuseet – Arkitektur?