Å skape gode kundeopplevingar

Service og oppleving
Ingen kundar er like. Sjølv om dei bruker same teneste på same tid, kan dei oppfatte kvalitetsnivået ulikt. Vi seier derfor at kvaliteten på eit serviceprodukt er subjektiv, som vil seie at det er den personlege oppfatninga til kunden som avgjer.
Kvaliteten er eit resultat av to forhold: forventningane til kunden og opplevingane til kunden. For at kundane skal bli nøgde, må servicen dei opplever, vere betre enn servicen dei forventar. Vi kallar dette for serviceformelen:
Forventningane til kunden
Kundar har ulike forventningar til produktet, og slike forventningar blir skapte på mange måtar. Dette er dei vanlegaste:
Kunden har tidlegare erfaringar med verksemda og ventar å oppleve det same som førre gong.
Kunden har høyrd andre snakke om verksemda og ventar å oppleve det same som andre.
Den eksterne kommunikasjonen for verksemda, som reklame og brosjyrar, skaper visse førestillingar om kva kundane får oppleve.
- Kunden oppfattar prisnivået som ein indikator på kor god kvaliteten er og ventar høg kvalitet på tenester som har høg pris.
Kunden har betalt for ei teneste og ventar at verksemda skal ta omsyn til hans eller hennar personlege behov.
Opplevingane til kunden
Når kundar bruker eit serviceprodukt, er det naturleg at dei legg ulik vekt på ulike delar av serviceopplevinga. Berre tenk deg eit hotell der nokon meiner at maten er det viktigaste, andre legg mest vekt på sengene, og atter andre meiner at personleg service er det avgjerande. I tillegg har folk ulik smak når det gjeld både mat og senger. Somme vil derfor få svært gode opplevingar, mens andre vil få mindre gode opplevingar, sjølv om hotellet bruker det same serviceproduktet.
Film: Magien i kundereisen
I filmen nedanfor (lengde 04:48) får du høyre nokre historier om Lufthansa og Disney, der kunden står i fokus. Felles i historiene er at kundane har fått så god service, at dei fortel om opplevingane til fleire – igjen og igjen.
Tenk over
I filmen høyrer vi om ei undersøking utført av CapGemini som viser at 75 prosent av alle verksemder meiner dei set kunden i fokus, mens berre 30 prosent av kundane opplever at føretaka gjer det.
Kvifor trur du det er slik?
Kva meiner du at verksemder kan gjere for å tette dette gapet?
På kva for måtar kan leiinga bidra til gode kundeopplevingar, meiner du?
Servicestandard
Sjølv om alle servicebedrifter ønsker å gi kunden ei unik serviceoppleving, bør enkelte typar service samordnast, slik at opplevinga blir mest mogleg lik for alle kundar.
Mange verksemder etablerer servicestandardar for dei vanlegaste servicesituasjonane. Slik kan nytilsette lettare bli trygge på serviceprinsippa i bedrifta, og kundane kan kjenne seg igjen i dei mest typiske servicesituasjonane. Når alle tilsette i ein butikk helsar på kundane på akkurat same måten, er det sannsynlegvis på grunn av ein slik servicestandard.