Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Servicerolla i ulike yrke

God service handlar om å forstå menneske og møte behov. Korleis utøver du servicerolla? Her skal vi sjå på kva servicerolla inneber for deg som jobbar innan administrasjon, sikkerheit, reiseliv eller sal.

Yte service

Å yte service handlar om å hjelpe andre ved å dekke behova deira, løyse problem og skape ei god, trygg og hyggeleg oppleving for mottakaren. Service må alltid tilpassast personen og situasjonen.

I serviceyrke møter du mange ulike menneske. Somme veit akkurat kva dei treng, anten det gjeld eit kjøp, ei booking, sikkerheit eller praktisk hjelp. Dei er lette å hjelpe fordi dei kan forklare behovet sitt sjølv. Andre gonger er behovet meir uklart. Då må du spørje deg fram til kva dei treng. For å kunne gi god service må du forstå den du skal hjelpe.

Administrasjon

Som service- og administrasjonsmedarbeidar er du bedrifta sitt ansikt mot omverda, og ein viktig serviceperson både eksternt og internt. Du må yte service og løyse både små og store oppgåver for kundar, besøkande og kollegaer. I ei slik stilling må du vere førebudd på mange ulike førespurnader kvar einaste dag. Det er derfor viktig å halde seg oppdatert på fristar, arrangement og kurs, og ha lett tilgang til kollegaene sine kalendrar. På den måten har du eit godt utgangspunkt for å svare på førespurnadene som kjem.

Resepsjon og kundeservice

Når du jobbar i resepsjonen eller med kundeservice, tek du imot og registrerer besøkande før du følger dei til rett vedkommande. Du betener telefon og sentralbord, handterer innkommande post og pakkar, og svarer på førespurnader frå både eksterne kundar og interne brukarar. I tillegg har mange administrasjonsmedarbeidarar eit overordna ansvar for fellesareal som arkiv, rekvisitalager, møterom og matsal.

Å vere servicemedarbeidar for kollegaer

Du skal òg yte service til kollegaer. Då er det viktig å spørje om det er noko dei treng hjelp med, og ta imot arbeidsoppgåver med eit smil. Til dømes kan du få i oppdrag å klargjere eit møterom, ta imot kunden og sørge for kaffi, te og vatn.

Andre interne serviceoppdrag kan vere å organisere personalarrangement og seminar, skrive møtereferat eller gjennomføre enkle innkjøp til kontoret. Å yte god service handlar både om kvaliteten på arbeidet du gjer i dei ulike serviceoppdraga, og korleis du kommuniserer med kollegaene du skal hjelpe. Du må vere serviceinnstilt både med kroppsspråket og det du faktisk seier.

Tenk over

Du sit oppteken med rekneskapsoppgåver når ein kollega ber deg om hjelp med nokre datasystem. Kva svarer du kollegaen?

Sikkerheit

Som vektar representer du ei verksemd som skal sørge for sikkerheit og samtidig yte god service. Du må vere førebudd på å handtere mange ulike menneske og situasjonar.

Inngangskontroll

Når du jobbar med inngangskontroll på eit arrangement, eller tek imot besøkande, må du sjekke tilgangsrettar og vise folk til rette. Du svarer på spørsmål, gir praktisk informasjon og handterer førespurnader frå både publikum og tilsette. I tillegg sørger du for at sikkerheitsrutinar blir følgde, og at fellesareal som inngangsparti, rømmingsvegar og publikumsområde er trygge og tilgjengelege.

Tryggleik og service for kollegaer og kundar

Servicerolla handlar òg om å vere ein støttespelar for oppdragsgivar og kollegaer på arbeidsplassen. Du bidreg til eit godt og trygt arbeidsmiljø ved å vere synleg, til stades og hjelpsam. Praktiske serviceoppgåver for ein vektar kan vere å opne og låse lokale, hjelpe ved gjennomføring av arrangement, handtere hittegods eller hjelpe til dersom det oppstår uventa situasjonar i bygget.




Diskuter

Korleis kan du vareta sikkerheitsoppgåver og samtidig vere serviceinnstilt?
Diskuter korleis de ville ha handtert følgande situasjonar:

  • Ein eldre person blir vald til tilfeldig stikkprøve i sikkerheitskontrollen på ein flyplass.
  • Ein ung person har blitt teken i butikktjuveri.
  • Ein rusa person må visast bort frå ein stad.

Reiseliv

Som reiselivsmedarbeidar er du vertskapet som skaper gode opplevingar for reisande frå dei kjem til dei reiser igjen. Du yter service ved å ta imot gjester med ulike forventningar og frå mange ulike kulturar. I dette yrket må du vere førebudd på å handtere spennande menneskemøte og skiftande situasjonar kvar einaste dag.

Førsteinntrykk og god kommunikasjon

Anten du jobbar i ein hotellresepsjon, på eit turistkontor eller som guide, er du verksemda sitt ansikt mot omverda. Eit vennleg smil og eit imøtekommande blikk skaper tryggleik. God service krev at du viser respekt for kulturelle forskjellar, bruker språkkunnskapane dine og er tolmodig. Du gir praktisk informasjon, viser veg og hjelper gjestene til rette, slik at dei får mest mogleg ut av opphaldet sitt. Ein føresetnad for å kunne yte service er at du har god destinasjonskunnskap.

Løysingsorientert vertskap

Servicerolla handlar òg om å hjelpe når alt ikkje går etter planen. Når reisande opplever forseinkingar, tapt bagasje eller trøbbel med bookinga, er oppgåva di å lytte aktivt, bevare roa og finne gode løysingar. Ved å strekke deg litt ekstra sørger du for at gjesten kjenner seg vareteken, sjølv når uventa problem oppstår.

Diskuter

  • Gjester har ulike forventningar og er frå ulike kulturar. Korleis tilpassar de kroppsspråk, ordval og kommunikasjon for å gi alle gjester eit godt og trygt førsteinntrykk?

  • Nokre gjester er svært skuffa på grunn av ei forseinking eller dårleg ver som har øydelagd planane deira . Kva gjer de for å snu den negative opplevinga til noko positivt?

Sal

Som salsmedarbeidar er du butikken sitt ansikt mot omverda og rådgivaren til kunden. Du yter service ved å hjelpe kunden med å finne dei rette produkta og ved å skape ei trygg, enkel og hyggeleg handleoppleving. I dette yrket må du vere førebudd på å møte mange ulike menneske med ulike behov og ønske kvar einaste dag.

Kunderådgiving og butikkstandard

Rolla som salsmedarbeidar handlar om mykje meir enn å slå inn varer i kassa. Du viser god service ved å lytte aktivt, stille opne spørsmål og gi fagleg rettleiing, slik at kunden får dekt det reelle behovet sitt. I tillegg sørger du for at butikken er ryddig, at varene er riktig priste, og at utstillingane ser freistande ut, slik at det er lett for kunden å orientere seg.

Profesjonell handtering av klager

God service er ekstra viktig når ein kunde er misnøgd eller ønsker å reklamere på ei vare. Då gjeld det å lytte utan å avbryte, vise forståing og bevare roa. Ved å vere løysingsorientert og følge retningslinjene til bedrifta og forbrukarkjøpslova kan du snu ein vanskeleg situasjon til ei positiv oppleving som bygger tillit over tid.

Tenk over

  • Korleis kan du utøve servicerolla slik at kunden får tillit til deg som seljar?

  • Korleis kan du yte god service til ein kunde som er frustrert eller misnøgd?

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 10.06.2021