Lag ein strategi for kundeservice Fornøgde kundar er viktig for å skape sal, og dette gjeld òg for nettbutikkar. Men kva betyr det å ha god kundeservice på nett? Dette skal de utforske, for deretter å lage ein strategi. Ein strategi er ein plan for korleis du skal nå eit mål, i dette tilfellet god kundeservice.
I denne oppgåva skal de utforske ein sjølvvald nettbutikk og sjå på kva slags strategi han har for kundeservice.
I del 2 skal de lage eit forslag til ein ny strategi for å betre kundeservicen for denne nettbutikken.
Del 1) Gjer ein analyse av kundeservicen til nettbutikken. Tips til kva de kan utforske Kva er kontaktpunkta til produktet i kundereisa?
Kva moglegheiter finst for å gi tilbakemelding?
Er det ein chatbot der? I så fall: Test han.
Finst det kontaktinformasjon? Kor enkelt er det å kome i kontakt med bedrifta?
Har bedrifta eit lojalitetsprogram, t.d. ein kundeklubb?
Føler du deg velkomen som kunde, og i tilfelle på kva måte?
Kor lett er det å handle her?
Er reglane for bestilling/avbestilling/retur av varer lette å finne?
Er det enkelt å navigere inne på sida?
Er nettbutikken oppdatert med nye funksjonar som t.d. storleiksguide?
Er det eitt eller fleire betalingsalternativ?
Er nettbutikken lik på mobilskjerm som på pc/nettbrett?
Er det andre ting du tenkjer er viktig når det gjeld service?
Del 2) Lag eit forslag til ein strategi for å forbetre kundeservicen i nettbutikken. Hald fram med å skrive i dokumentet frå oppgåve 1, og ta utgangspunkt i det de fann.
Lag ein strategi for korleis kundeservicen i nettbutikken kan bli betre.
Hent gjerne inspirasjon frå andre nettbutikkar.
Lag forslag, og presenter dei for kvarandre.
Diskuter og reflekter:
Kor mykje betyr service for dykk når de handlar på nett?
Kva betyr service for ein nettbutikk?
Korleis kan ei bedrift leggje til rette for service i alle kontaktpunkta?
Relatert innhald Kontaktpunkt på kundereisa For å kunne kartleggje kjøpsåtferd må ein kjenne til kundereisa og alle kontaktpunkta til kunden. Då kan ein treffe med marknadsføringa.
Skrive av Cathrine Meyer Johansen. Sist oppdatert 20.05.2021