Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Berekraftig innovasjon

Kva meiner vi med berekraftig innovasjon? Her skal vi sjå på kva betydning lønnsemd, klima og etiske forhold har i utviklinga av innovative produkt.

Berekraftsdimensjonane

Kva vil det seie at eit produkt varetek alle berekraftsdimensjonane? For å forklare dette kan vi bruke det etelege sugerøyret Sorbos som døme. Dette er eit sugerøyr laga av sukker, maisstivelse og vatn. Sugerøyret held seg stivt i glaset i 40 minutt, og etterpå kan du ete det som godteri med smak av sitron, jordbær eller sjokolade.

Etelege sugerøyr varetek miljødimensjonen av berekraft ved å bruke fornybare råvarer. Dei skaper heller ikkje mikroplast i havet, slik som plastsugerøyr gjer, eller hogst av tre, som pappsugerøyr gjer.

På restaurantar kan sugerøyr gjere ein forskjell for dei av oss som av ulike grunnar anten treng eller føretrekker å bruke sugerøyr. På denne måten kan kanskje fleire gå på restaurant og vere sosiale med venner. Slik kan sugerøyret vere inkluderande og bidra til sosial berekraft.

Om det etelege sugerøyret blir så populært at kundane er villige til å betale meir for det enn for andre sugerøyr, og det samtidig ikkje er dyrare å produsere, kan produktet bli lønnsamt. Lønnsame bedrifter bidreg til verdiskaping og trygge arbeidsplassar, og er dermed økonomisk berekraftige.

Sjølv om vi må ta omsyn til alle berekraftsdimensjonane når vi utviklar eit produkt, kan éin dimensjon vere vektlagd meir enn dei andre. Vi skal derfor òg sjå på dei ulike dimensjonane kvar for seg.

Miljømessig berekraft

Miljødimensjonen av berekraftsomgrepet handlar om å få til ei utvikling som ikkje påverkar klimaet og miljøet negativt. Her har verksemder eit viktig ansvar. I Noreg har vi lovverk som skal bidra til miljømessig berekraft, mellom anna forureiningslova.

Det er viktig at verksemder tek gode, berekraftige val for å skåne miljøet, også utover det som er lovpålagt. Dei kan til dømes ha fokus på kvalitet framfor kvantitet for å forlenge levetida til produkta. Vidare kan verksemder velje meir miljøvennlege materiale og meir miljøvennlege produksjonsmetodar.

Døme: Den sirkulære regnjakka frå Northern Playground

Tradisjonelle regnjakker kan vere ei miljøbombe om dei er laga av oljebasert plast dekte med giftige kjemikaliar (fluorkarbon) .

Northern Playground har derfor utvikla ei innovativ og miljøvennleg regnjakke. Jakka er laga av 100 prosent resirkulert, slitesterkt materiale som er laga for å tole mange års bruk i tøft, norsk klima. Det vasstette laget er heilt fritt for miljøgifter, som elles hopar seg opp i naturen.

Sosial berekraft

Den sosiale dimensjonen av berekraftsomgrepet handlar om etiske forhold – at alle menneske skal få oppfylt rettane sine for å få eit anstendig liv. Å vareta menneskerettar er det viktigaste utgangspunktet for dette. Her handlar det til dømes om å gi folk anledning til å gå på skule, utdanne seg og ha eit godt helsetilbod.

Sosial berekraft handlar òg om at alle skal ha tilfredsstillande arbeidsforhold med rettferdig betaling. Verksemder må ha kontroll på heile verdikjeda si, og sørge for at produktet deira ikkje blir produsert ved hjelp av barnearbeid eller under andre uverdige arbeidsforhold.

Døme: Spor verdikjeda til kaffi og sjokolade

ThankMyFarmer er eit døme på ei app-løysing der kunden kan skanne ein QR-kode på kaffiposen eller sjokoladen i butikken for å sjå nøyaktig kven som har plukka bønnene til akkurat den kaffien eller sjokoladen dei held i handa.

Kvar gong kaffi- eller kakaobønnene skiftar hender – frå bonden som plukkar dei til dei hamnar hos lastebilsjåføren, på skipet, brenneriet og til slutt i butikken – blir det registrert digitalt. Butikken har dermed ein garanti for at vara ikkje er involvert i barnearbeid eller uverdige forhold.

Appen gjer det òg mogleg for kunden å overføre pengar direkte til bonden via telefonen sin. Pengane går utanom alle mellomledd og rett inn på kontoen til bonden i utviklingslandet.

Gjennom denne teknologien kan store kaffikjeder og butikkar spore at pengane dei betaler for råvarene, faktisk landar i prosjekt som bygger lokale skular, sikrar utdanning for jenter på landsbygda og finansierer lokale helseklinikkar.

Økonomisk berekraft

Økonomisk berekraft handlar om å ta ansvar for ein stabil, lønnsam og etisk forsvarleg økonomisk vekst over tid. Ressursar må bli brukte på ein slik måte, at dagens økonomiske utvikling ikkje går ut over framtidig økonomisk utvikling. Samtidig treng vi lønnsame verksemder for å skape trygge arbeidsplassar.

Døme: Festival

Ein festival er økonomisk berekraftig når drifta blir finansiert på ein måte som gjer at han kan halde fram år etter år utan å gå med tap. Det betyr at arrangørane må setje billettprisar som publikum er villige til å betale, og som i tillegg dekker dei faktiske kostnadene.

Eit miljøfokus på festivalen kan føre til auka kostnader, til dømes ved at arrangørane bruker miljøvennlege løysingar eller betre avfallshandtering, noko som må takast med i budsjettet. For å skape ein økonomisk berekraftig festival må arrangørane òg tenke langsiktig: Eit godt rykte og ansvarlege val kan gi festivalen eit betre omdømme, noko som igjen gjer det lettare både å få sponsorar og å selje billettar i framtida.

Arrangørane av ein festival må òg vurdere om dei har råd til dyre artistar og store totalopplevingar, eller om det er smartare å satse på rimelegare alternativ. Målet er at festivalen skal vere økonomisk trygg, samtidig som han tek omsyn til både miljø og menneske.

Film: Løysingar for framtida

Dei tre norske selskapa i filmen under (lengde 10:45) er alle døme på berekraftig innovasjon, men dei løyser miljøutfordringar på tre heilt ulike måtar – gjennom høvesvis materialteknologi, sirkulær produksjon og nye forretningsmodellar.

Agoprene fjernar olja frå møblane våre, Evig ski fjernar avfallet frå skisporet, og Northern Playground fjernar kjøpepresset frå klesindustrien.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Materialinnovasjon

Bioteknologiselskapet Agoprene, som har utvikla eit berekraftig alternativ til tradisjonell skumgummi, er eit døme på materialinnovasjon.

Vanleg skumgummi, som blir brukt i madrassar, sofaer og bilsete, er laga av råolje og står for store CO₂-utslepp. Agoprene har skapt eit oljefritt materiale ved å bruke biomasse frå tang, tare og tre.

Sirkulær produktinnovasjon

EVI ski utfordrar sportsbransjens tradisjonelle "kjøp-og-kast"-mentalitet med konseptet sitt G/Repressed, og er dermed eit døme på sirkulær produktinnovasjon.

Tradisjonelle alpinski er bygde opp av lag med glasfiber, plast, stål og lim, og blir kasta når dei knekk eller blir slitne ut. EVI konstruerer skia sine for eit sirkulært kretsløp. Gjennom ein spesiell produksjonsmetode kan ei utsliten eller brekt Evi-ski leverast inn, bli pressa om igjen (re-presses), bli oppgradert og gitt eit "evig" liv. I denne prosessen bruker dei berre ein brøkdel av materiala til ei ny ski.

Forretningsmodell-innovasjon

I dømet om miljømessig berekraft såg vi òg på det norske klesmerket Northern Playground. Klesmerket har snudd opp-ned på korleis ei klesbedrift tener pengar, og er derfor eit døme på ein forretningsmodell-innovasjon.

Mens store delar av klesbransjen tener pengar på at du kjøper flest mogleg plagg som fort går av moten ("fast fashion"), har Northern Playground som mål å redusere klesforbruket. Innovasjonen deira ligg i forretningsmodellen: Dei lagar tidlause plagg av reine naturmateriale (ull og silke), tilbyr reparasjon på alt dei sel, oppfordrar kundane aktivt til å kjøpe mindre og kjempar for miljøavgifter på billig plasttøy.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 23.06.2026