Teoriar om interkulturell kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Teoriar om interkulturell kommunikasjon

Kva for nokre teoretiske perspektiv og omgrep kan du bruke når du reflekterer over og drøftar interkulturell kommunikasjon?

Kommunikasjon og kultur

Kultur er eit komplekst omgrep, og innhaldet i omgrepet har forandra seg i takt med korleis samfunnet har endra seg. Globaliseringsprosessen og ny kommunikasjonsteknologi har ført til store endringar i korleis vi stiller oss til kvarandre. Kolonitida førte til at ulike kulturar kom i kontakt med kvarandre, men i eit ujamt maktforhold der den vestlege kulturen dominerte og undertrykte dei koloniserte kulturane. I dag kjem dei fleste menneske på kloden i kontakt med svært mange ulike kulturelle impulsar, gjennom internett, reiser og innvandring.

Gjennom kulturell kontakt får vi nye kulturelle element frå andre kulturelle fellesskapar, noko som har gått føre seg så lenge menneske har flytta på seg. Hybridisering er eit omgrep som beskriv denne blandinga og tilpassinga av kultur.

Interkulturell kommunikasjon

Omgrepet interkulturell kommunikasjon beskriv kommunikasjon mellom aktørar som har ulike kulturelle ståstader. Mens dette tidlegare handla om korleis vi kan møte menneske i "framande" kulturar, er det i dag like viktig å forstå korleis menneske i same samfunn kan leve og forstå kvarandre i eit meir likeverdig samspel.

Her skal vi bli kjende med ulike analysemodellar som bygger på desse to ulike perspektiva på interkulturell kommunikasjon.

Tenk over / diskuter

I kva situasjonar i arbeidslivet trur du at du kan få bruk for kunnskap om interkulturell kommunikasjon?

Modellar som bygger på teoriar om kulturforskjellar

Det finst fleire modellar som beskriv kulturforskjellar. Fleire av desse er nyttige når du skal analysere kultur og kommunikasjon.

Kulturfiltermodellen

Denne modellen vart utvikla av Øyvind Dahl og bygger på prosessmodellen for kommunikasjon. Den prøver å vise korleis bakgrunn, erfaring og kulturelle faktorar dannar eit slags filter som påverkar korleis vi innkodar og avkodar meldingar. Viss avsendar og mottakar har svært ulik kulturell bakgrunn, vil dette gjere at den intenderte tydinga i ei melding ikkje er heilt lik den mottekne tydinga. Det er viktig å ikkje sjå på kulturfiltera som noko altfor statisk, men noko som kan romme eit dynamisk kulturomgrep.

Hofstedes kulturdimensjonar

Hofstedes kulturdimensjonar er ein modell som kan brukast for å seie kva som pregar kulturbakgrunnen til partane i interkulturell kommunikasjon. Du kan lese om desse dimensjonane i artikkelen "Kulturelle verdiar i kommunikasjonen" og artikkelen "Kulturelle dimensjonar: individualisme vs. kollektivisme".

Isfjell-modellen

Denne modellen peiker på at kultur består av både synlege og usynlege aspekt. Det var sosialantropologen Edward T. Hall som stod bak modellen, som deler kultur inn i eit overflatenivå og eit skjult nivå.

Overflatenivået av ein kultur er dei synlege og eksplisitt uttalte elementa som pregar kulturen, og som deltakarane i ein kultur kan beskrive for deg viss du spør. Viss du gjer noko som kjem i konflikt med kulturelle kodar på dette nivået, vil du få klar beskjed om det. Men på same måte som med isfjell, utgjer dei synlege delane av kulturen ein mindre del enn dei usynlege.

Under overflata har vi dei umedvitne aspekta av kulturen, det som definerer kva som blir sett på som normalt. Du vil få reaksjonar viss du bryt med det normale, sjølv om reglane som definerer dette, ikkje er eksplisitte. Her ligg òg dei mest djuptliggande kulturelle elementa som verdiar, verkelegheitsforståing og verdsbilete. Dette dannar grunnlaget som dei andre nivåa kviler på. Å forstå kulturelle forskjellar på dette nivået kan vere svært viktig for å unngå misforståingar i interkulturell kommunikasjon.

Eit døme på modellane i bruk

Tenk deg at du skal bu hos ein vertsfamilie i eit samfunn på den andre sida av kloden. Du vil fort få med deg kva som er den lokale kulturen på overflatenivået. Du får kanskje høyre om kva som er normalt å ete til frukost, og du vil få beskjed viss du bryt med nokre av desse forventningane ved å til dømes ete med feil etereiskapar.

Under overflata kan det ligge kulturelle forventningar om kor mykje eller kor høgt du skal snakke ved frukostbordet. Viss du bryt med nokre av desse forventningane, vil du ikkje få beskjed om det i form av sanksjonar, men du vil kanskje likevel merke at du har gjort noko feil. Dei du et saman med, let kanskje vere å sjå på deg eller byrjar å snakke lågare. Dette kan forklarast ut frå normer om kven som kan dominere ein samtale. Kulturelle verdiar i ein kultur med høg maktdistanse kan føre til normer om at det er dei eldste i familien som får snakke, mens dei yngre medlemmene må lytte meir enn dei kan snakke.

Ved frukostbordet opplever du at samtalen går tungt, fordi du føler at du og vertsfamilien snakkar forbi kvarandre. Du føler at dei ikkje oppfattar nyansane i det du seier, og du får ikkje heilt tak på kva dei meiner, heller. I tillegg opplever du at dei ler høgt av ting du ikkje ser humoren i. Her kan du forklare det ut frå ulike kulturfilter som påverkar både innkoding og avkoding av meldingar.

På eit endå djupare plan under overflata opplever familien du bur hos, deg som uvennleg og avvisande, fordi du går og legg deg klokka 21, i staden for å sitje oppe og snakke med familien. Du tenker at dei kanskje er slitne av å ha besøk, og du ville uansett prioritert å sjå ein serie som du har følgt med på. Dette kan vi forstå som kulturelle forskjellar hos deg og vertsfamilien din langs dimensjonane individualisme – kollektivisme.

Forståingshorisontar

Ein annan innfallsvinkel til analyse av interkulturell kommunikasjon bygger på hermeneutikken, som er ei teoretisk grein som er oppteken av tolking. Fokuset ligg ikkje på kulturforskjellar, men på kva som skjer med aktørane i sjølve forståings- og tolkingsprosessen. Filosofen Hans-Georg Gadamers omgrep forståingshorisontar er heilt sentralt i denne modellen. Det inneber dei umedvitne haldningane og oppfatningane som du har på eit gitt tidspunkt, som individ og som arvtakar av nasjonale og kulturelle kunnskapsformer og tradisjonar.

Denne horisonten utgjer den ståstaden du har i møte med ein bodskap, og han formar korleis du fortolkar og forstår bodskapen. Men alt du møter på denne måten, blir deretter ein del av forståingshorisonten din, slik at denne heile tida er i utvikling.

Korleis bruke dette perspektivet i ein analyse?

Kommunikasjonsforskar Iben Jensen ser på interkulturell kommunikasjon som ein kontinuerleg prosess mellom partar som forstår seg sjølve som kulturelt ulike (Jensen, 2004). For å analysere interkulturell kommunikasjon må du utforske forståingshorisonten til partane, eller erfaringsposisjonar, som ho kallar det, i tillegg til dei ulike kulturelle presupposisjonane og den kulturelle sjølvforståinga til partane. Desse omgrepa kjem frå Jensens analysemodell:

  • Erfaringsposisjonen din er altså ståstaden din i kommunikasjonen. Han er basert på dei individuelle erfaringane dine, men han er farga av den sosiale og kulturelle posisjonen din. Kjønn, alder, oppvekst og klasse vil prege erfaringane dine. I ein analyse er det derfor relevant å sjå etter kva erfaringar partane uttrykker, og korleis erfaringsposisjonane påverkar korleis dei fortolkar bodskapane som blir kommuniserte. Vi må òg spørje korleis erfaringsposisjonen påverkar korleis partane tek omsyn til kulturen, som utanfor eller innanfor.

  • Omgrepet kulturell presupposisjon beskriv kjensler, haldningar og oppfatningar vi har om "dei andre", dei som ikkje er ein del av den kulturelle fellesskapen vi kjenner tilhøyrsel til. Jensen bruker òg diskursomgrepet, og ho seier at dei kulturelle presupposisjonane er konkrete ytringar av diskursar som styrer kategoriseringa og representasjonen av grupper i eit samfunn. I ein analyse er det då relevant å spørje om korleis "dei andre" blir skildra i kommunikasjonen.

  • Kulturell sjølvforståing handlar om å analysere korleis partane forstår kulturelle fellesskapar som dei sjølve er ein del av. Kva for nokre kulturelle fellesskapar identifiserer deltakarane seg med? Korleis er den kulturelle identiteten i relasjon til "dei andre"? Ligg det ei idealisering av eigen kultur i nedvurderinga av kulturen til "dei andre"?

  • Omgrepet kulturelle fikseringspunkt beskriv tema som får eit spesielt fokus i kommunikasjonen mellom menneske som opplever at dei har ulik kulturell tilhøyrsel. Dette er tema som begge identifiserer seg med, som kan vekke sterke kjensler, og som dei posisjonerer seg ulikt i forhold til.

Eit døme på modellen i bruk

To menneske diskuterer koronavaksinen i eit kommentarfelt på nett. Den eine er vaksinemotstandar, mens den andre har teke vaksinen og meiner det er noko alle burde gjere. Korleis kan vi bruke Iben Jensens analyseverktøy på kommunikasjonen mellom dei?

Erfaringsposisjonen til vaksinemotstandaren er prega av lite tillit til styresmaktene og media. Hen har hatt ein del negative opplevingar med helsevesenet, NAV og andre styresmakter, det kan ha med klasse, alder, hudfarge eller til og med vekt å gjere. Hen er klar over seg at hen sjølv er utanfor mainstream-kulturen i samfunnet, som ein outsider. Algoritmar baserte på lesehistorikk på sosiale medium har gjort at hen har vore i eit nettbasert miljø der konspirasjonsteoriar om koronapandemien har vore normaliserte. Desse erfaringane kjem konkret til uttrykk i diskusjonen med påstandar om at styresmaktene og media medvite lyg om både koronavaksinen og koronaviruset for å undergrave fridommen og rettane til individet.

Erfaringsposisjonen til den vaksinerte er meir prega av tillit til medium og styresmakter. Hen har berre positive opplevingar med helsevesenet, NAV og andre styresmakter, det kan ha med klasse, alder, hudfarge eller til og med vekt å gjere. Hen har teke omsyn til den offisielle informasjonen til styresmaktene og media generelt, og hen ser på seg sjølv som ein del av mainstream-kulturen i samfunnet. Algoritmane har gitt den vaksinerte eit heilt anna innhald på nettet enn vaksinemotstandaren møter, sjølv om dei i teorien kunne budd i same nabolag. Desse erfaringane kjem konkret til uttrykk i diskusjonen der hen beskriv si eiga oppleving med vaksinasjon som trygg og uproblematisk, og at det var uaktuelt å ikkje følge tilrådingane til styresmaktene om å la seg vaksinere.

Dei kulturelle presupposisjonane som dei to partane har, er farga av ulike diskursar. Vaksinemotstandaren ser på den vaksinerte som ein del av ei gruppe lettlurte idiotar som følger styresmaktene ukritisk, og bruker omgrepet "saueflokk" om den generelle befolkninga som let seg kontrollere av makthavarane. Dette er uttrykk for ein konspirasjonsdiskurs som meiner at korona er oppdikta av ein elite som bruker han som eit høve til å tene store pengar på vaksinar og auke kontrollen sin av samfunnet gjennom datachipar som blir sprøyta inn med vaksinen.

Den vaksinerte ser på vaksinemotstandaren som ein del av den veksande gruppa med uansvarlege og paranoide konspirasjonsteoretikarar, og hen ser for seg ein lågt utdanna trygdemottakar med svært manglande kritisk sans og kjeldemedvit. Hen ser òg på dei som delvis ansvarlege for at pandemien framleis påverkar samfunnet, sidan det er ein stor del uvaksinerte i intensivavdelingane i sjukehusa. Dette er utsegner som er i tråd med den dominerande diskursen om konspirasjonsteoriar, vaksinemotstandarar og koronapandemien.

Den kulturelle sjølvforståinga til vaksinemotstandaren botnar i ei identifisering med ei gruppe menneske hen for det meste har møtt på nett, som ser på seg sjølve som ei viktig motstandsrørsle i ein kamp mot mektige elitar. Dei ser på seg sjølve som forfølgte av media som har negative omtaler om vaksinemotstandarane, og dei definerer seg sjølve på ein idealisert måte som vakne og kritiske, i motsetning til den store majoriteten av "sheeple" som blindt stoler på styresmaktene.

Den vaksinertes identifiserer seg med den ansvarlege og opplyste majoriteten, som har tillit til at mekanismane i systemet fungerer, og at koronatiltaka er basert på gode demokratiske prosessar og forsking. Denne kulturelle sjølvforståinga kan òg sjåast på som idealisert, og som definert i opposisjon til vaksinemotstandarane som gruppe. I andre diskusjonar kan hen godt vere kritisk til politikarar, men i denne debatten vektlegg hen tillit til politikarar for å markere avstand til mistilliten som den andre gruppa står for.

Korona-pandemien er i seg sjølv eit kulturelt fikseringspunkt for desse to samtalepartnarane. Det skaper eit sterkt engasjement og gjer at dei posisjonerer seg i opposisjon til kvarandre. Måten dei forstår seg sjølve og den andre på, styrer tolkinga av meldingane dei utvekslar, og det er svært sannsynleg at begge kjem frå diskusjonen med alle fordommar og forståingshorisontar intakte. Vaksinemotstandaren stadfestar mest oppfatningane til den andre om "slike", og motsett.

Det partane seier til kvarandre i kommunikasjonen, blir tolka ut frå dei to svært ulike ståstadene. Dei kulturelle identitetane blir aktualiserte av det kulturelle fikseringspunktet for kommunikasjonen, som forsterkar forskjellane mellom desse to. Vi kan tenke oss at desse to kunne kommunisert heilt annleis om dei møttest på butikken og diskuterte prisane på eple, eit tema som ikkje hadde trigga dei same kulturelle presupposisjonane og sjølvforståingane.

Tenk over / diskuter

Kva tenker du er styrker og svakheiter ved dei to ulike perspektiva på interkulturell kommunikasjon?

Kjelder

Bhabha, H. (1994) The Location of Culture. New York: Routledge.

Cardon, P. W. (2008). A Critique of Hall's Contexting Model: A Meta-Analysis of Literature on Intercultural Business and Technical Communication. Journal of Business and Technical Communication. https://www.researchgate.net/publication/240709593_a_critique_of_hall's_Contexting_ModelA_Meta-Analysis_of_Literature_on_Intercultural_Business_and_Technical_Communication

Dahl, Ø. (2009). Møter mellom mennesker. Interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.

Jandt, F. E. (2017). An Introduction to Intercultural Communication Identities in a Global Communication. (9. utg.). Sage.

Jensen, I. (2004). The Practice of Intercultural Communication: reflections for professionals in cultural encounters. I G. Titley (Red.), Resituating culture (s. 81–92). Council of Europe.

Mambrol, N. (2016, 8. april). Homi Bhabha's Concept of Hybridity. Literary Theory and Criticism. https://literariness.org/2016/04/08/homi-bhabhas-concept-of-hybridity/

Tjønneland, E. (2018, 18. juli). Hans-Georg Gadamer. I Store norske leksikon. https://snl.no/hans-georg_gadamer

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2022