Prøv ut to perspektiv på interkulturell kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Prøv ut to perspektiv på interkulturell kommunikasjon

Bruk omgrep og metodar frå to ulike tilnærmingar til interkulturell kommunikasjon til å utforske diskusjonen om likestilling i NRK-programmet Chattes. Kva er styrkar og svakheiter ved dei to tilnærmingane?

1. Bli kjend med tilnærmingar til interkulturell kommunikasjon

  1. Les artikkelen "Teoriar om interkulturell kommunikasjon".

  2. I par: samanfatt kva dei to hovudtilnærmingane til interkulturell kommunikasjon går ut på.

2. Prøv ut modellane som vektlegg kulturforskjellar

I oppgåve 2 og 3 skal de prøve ut dei to ulike perspektiva på same kjeldemateriale, nemleg episoden "Likestilling" i NRK-serien Chattes.

De kan velje om de vil fordele dei to oppgåvene så halve klassen gjer kvar av dei og deretter delar med dei andre, eller om alle gjer begge oppgåvene.

Før du ser Chattes

  1. Under ser du ei oversikt over landbakgrunnane til deltakarane i Chattes og nasjonaliteten til foreldra deira. Søk opp korleis dei ulike landa hamnar på Hofstedes dimensjonar på Hofstede Insights nettside Compare countries.

  2. Legg inn informasjonen i tabell 1 under (du kan laste han ned).

  3. Kan noko av denne informasjonen brukast til å føresjå kva dei ulike deltakarane meiner om likestilling?

Filer

Tabell 1
NamnBakgrunnBakgrunnen til foreldraSkår på Hofstede-dimensjonarVerdiar og synspunkt
RezaAserbajdsjan, Iran, Bærum
ÖmerAmmerud, OsloKurdarar frå Tyrkia
TariqPakistan, Oslo
HovudaOsloIrak
CamillaGreverudSør-Aserbajdsjan
ParvaOsloIran
KajaKjelsås, OsloSeier ikkje kvar foreldra er frå
JamalLørenskogPakistan

Etter du har sett Chattes

  1. Hald fram med å fylle ut tabellen med verdiar og synspunkt som deltakarane uttrykker i diskusjonen.

  2. Stemmer informasjonen om landa dei har bakgrunn frå, med verdiane og meiningane til deltakarane?

  3. Er det nyttig å bruke idéar og omgrep frå isfjellmodellen til å forklare dei ulike meiningane til deltakarane?

  4. Kan du bruke kulturfiltermodellen til å forklare noko av kommunikasjonen mellom gutane og jentene i denne episoden av Chattes?

3. Prøv ut modellen som vektlegg forståingshorisontar

  1. Ta for dykk to av gutane og to av jentene i tabellen under, og fyll ut punkta i tabellen for kvar av dei.

  2. Gå igjennom kvar av dei fire deltakarane. Gir det dei seier, meir meining når de ser det i samanheng med erfaringsposisjonane deira?

  3. Er det nokon samanheng mellom dei kulturelle presupposisjonane og sjølvforståingane dei gav uttrykk for, og ståstaden deira i debatten om likestilling?

  4. Likestilling er eit godt døme på eit kulturelt fikseringspunkt som skaper høg temperatur og skarpe skiljelinjer når det blir diskutert. Kva slags kulturelle presupposisjonar er vanlege i debatten om den muslimske minoriteten i Noreg og likestilling?

  5. Stadfesta eller utfordra debatten desse presupposisjonane?

Filer

Tabell 2
Namn

Verdiar og synspunkt

Erfaringsposisjonar Kulturelle presupposisjonar Kulturell sjølvforståing
Kva slags verdiar og synspunkt gir dei uttrykka for i diskusjonen?Kva fortel dei om erfaringar dei har, som er relevante for å forstå synspunkta deira?Kva slags forforståing av ståstaden til meiningsmotstandarane kjem fram i samtalen?Kva slags forståing av eigen kulturell identitet kjem fram når dei beskriv seg sjølve?
Reza
Ömer
Parva
Hovuda

4. Samanlikn og diskuter

  1. Del resultatet av undersøkingane med resten av klassen.

  2. Diskuter: Kva er styrkar og svakheiter med dei ulike tilnærmingane til interkulturell kommunikasjon?

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022