Utforsk makt i kommunikasjon - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk makt i kommunikasjon

Korleis kan makt utøvast gjennom kommunikasjon? Reflekter over dette med utgangspunkt i to klipp frå NRK.


Det er lurt å lese artikkelen "Makt og kommunikasjon i lokale og globale samanhengar" før du gjer desse oppgåvene.

1. Ein diskusjon om definisjonar

Klippet øvst på sida er frå debattprogrammet Redaksjon 21 på NRK i 2001. Her diskuterer dei bruken av ordet neger, med bakgrunn i at NRK Austlandet rådde dei tilsette til å tenke over omgrepsbruk når dei snakka om menneske med ulik bakgrunn.

Bruk oppgåvene under til å reflektere over korleis makt kjem til uttrykk i kommunikasjonen i klippet.

  1. Kven har mest makt av deltakarane i denne debatten? Kva er det som gir dei overtaket?

  2. Bruk stoppeklokka og undersøk: Kor lenge får dei ulike debattantane snakke før dei blir avbrotne?

  3. Kan vi seie at det går føre seg ein kamp om definisjonsmakt i dette klippet? Grunngi svaret ditt.

  4. Sjå igjennom artikkelen om hersketeknikkar, og diskuter om nokre av desse teknikkane er i bruk i debatten.

  5. Korleis kan du bruke eit postkolonialt perspektiv til å seie noko om maktrelasjonane mellom dei som diskuterer her?

  6. Dette klippet er frå 2001. Kva har skjedd sidan då med korleis vi tenker og snakkar om ordet neger i norsk samanheng?

  7. Korleis kan du bruke diskursomgrepet til å seie noko om endringane?

2. Når makta er usynleg

Sjå dette klippet om kjønn og likestilling frå NRK, og utforsk korleis maktrelasjonar kan skapast og bli forsterka gjennom kommunikasjon.

  1. Kva seier Rose Mari Moen om korleis vi er med på å forme barn til å bli den dei er?

  2. "Menn har meir makt enn kvinner." Diskuterer denne påstanden, og grunngi synspunkta dykkar med fakta.

  3. Dei vaksne i barnehagen vart observerte, og resultatet var overraskande. På kva for nokre ulike måtar blir jentene og gutane behandla ulikt?

  4. Kva konsekvensar trur du denne forskjellsbehandlinga kan ha?

  5. Kva type makt er det vi ser eit døme på i dette klippet?

  6. Kan du kople nokon hersketeknikkar til måten jentene blir behandla på?

  7. Korleis kan dei som blir utsette for det, stå imot ei slik utøving av makt?

3. Kva har du lært om makt og kommunikasjon?

Skriv ein kort refleksjonstekst om korleis makt blir uttrykt i og blir forsterka gjennom kommunikasjon. Kom med døme frå dei to klippa.

Ta vare på teksten, slik at du kan bruke refleksjonane og døma i arbeidet med ei større oppgåve.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022