Indirekte språkhandlingar - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Indirekte språkhandlingar

Nokre gonger kommuniserer vi tydeleg og direkte, mens andre gonger seier vi noko på ein måte som gjer at mottakaren må tolke seg fram til den underliggande bodskapen.

Samarbeid

Tenk på korleis du opplever det viss den du snakkar med, responderer med noko som er irrelevant, eller at hen gir for mykje eller for lite informasjon. Det kan vere både frustrerande og irriterande når vi ikkje får den responsen eller svaret vi forventar, eller at vi ikkje forstår kva samtalepartnaren meiner.

Samarbeid er eit viktig prinsipp når vi kommuniserer med kvarandre. Deltakarane i ein samtale må prøve å samarbeide, anten det er ein samtale med ein venn, ein diskusjon eller ein krangel. Viss vi ikkje samarbeider, vil det bli vanskeleg å få til meiningsfull kommunikasjon, og han vil kanskje stoppe heilt opp.

Fire grunnreglar for god kommunikasjon

Språkfilosofen Paul Grice meinte at samtalepartnarane alltid har eit felles mål om å halde oppe kommunikasjonen. Han formulerte derfor fire grunnreglar som vi menneske i utgangspunktet bruker for å kommunisere så effektivt som mogleg:

  1. Ver oppriktig. Ikkje sei noko du trur er feil, eller som du manglar grunnlag for å seie.

  2. Ver informativ. Ver så informativ som situasjonen krev. Ikkje gi meir informasjon enn det som krevst, men heller ikkje for lite.

  3. Ver relevant. Mottakaren må oppleve at det som blir ytra, er relevant i den aktuelle situasjonen.

  4. Ver klar. Unngå ei uklar og tvitydig framstilling. Ver kort og ryddig.

Det er ikkje eit krav at vi skal følge desse reglane, men som oftast gjer vi det fordi kommunikasjonen då blir mest effektiv. Det hender likevel at vi bryt dei fire grunnreglane og uttrykker oss på ein meir indirekte måte. Det kan vere ulike årsaker til det, og vi gjer det sjeldan utan grunn. Då ligg det informasjon på eit underliggande plan, og denne må mottakaren tolke seg fram til. Dette kallar vi indirekte språkhandlingar.

Indirekte språkhandlingar

Er du oppriktig?

Er du alltid høfleg og oppriktig? Venninna di har kjøpt seg ny bukse, og ho spør om ho er fin. Du synest ikkje det, men svarer ja likevel. Då har du brote grunnregelen om oppriktigheit fordi du vil vere høfleg og ikkje seie noko som kan verke sårande eller negativt. Alternativt kan du prøve å svare med eit kompromiss: "Jo, ho var ganske fin, men eg ville valt ein annan farge." Vi kan òg vere litt mindre oppriktige og snakke på ein indirekte måte for ikkje å tape ansikt sjølv.

Ironi er ei indirekte språkhandling der avsendaren ikkje er oppriktig. Avsendaren seier det stikk motsette av det hen meiner, og mottakaren må forstå den underliggande meininga.

Er du informativ og relevant?

Nokre gonger hender det at vi let vere å seie ting fordi vi trur at mottakaren forstår kva vi meiner. Kor mykje informasjon vi gir når vi kommuniserer, handlar om kor mykje vi trur eller veit at mottakaren har kunnskap om. Snakkar vi med vi nokon vi kjenner godt, og som vi deler mange referansar med, treng vi ofte ikkje forklare i detalj når vi snakkar saman. Men viss du skal fortelje om noko til nokon du ikkje kjenner så godt, eller som du veit ikkje har same kunnskap som du har, må du vere meir detaljert. Både for mykje og for lite informasjon kan føre til irritasjon og frustrasjon, noko som igjen kan gjere at kommunikasjonen ikkje fungerer så godt.

Vi tilpassar mengda informasjon ut frå kven vi snakkar med, og som oftast gjer vi dette utan å tenke så mykje over det. Nokre gonger vel vi kanskje likevel med vilje å halde tilbake informasjon eller å gi for mykje informasjon sjølv om vi veit at mottakaren allereie har denne informasjonen. Då kan det opplevast som ein hersketeknikk, og det kan føre til ei negativ oppleving for mottakaren.

Er du klar og tydeleg?

Av ulike årsaker kan vi pakke inn bodskapen i mange eller vanskelege ord. Det gjer vi både medvite og umedvite. Kanskje skal vi framføre ein vanskeleg beskjed eller spørje om noko, men er redd for ein negativ reaksjon hos mottakaren. Korleis ordlegg du deg når du skal spørje om noko som kanskje kan oppfattast som masing? Sjå på dømet under:

Kunne eg bede deg om ei lita teneste? Trur du kanskje at du kunne sett litt på teksten min? Han er ikkje så veldig lang, altså.

Her bruker avsendaren mange ord for å få fram bodskapen, mellom anna fleire dempande ord som kunne, liten, trur, kanskje, litt og altså. Dette mjuknar kommunikasjonen, sjølv om bodskapen og det avsendaren vil oppnå, eigentleg er det same som om hen hadde sagt "eg vil at du skal sjå gjennom teksten min".

Nokre gonger må vi å ta opp noko som er tabubelagt eller som det er uvant for oss å snakke om. Då bruker vi gjerne dei orda vi kjenner oss mest komfortable med, sjølv om det kanskje gjer at bodskapen ikkje kjem like tydeleg fram som viss vi hadde sagt det direkte. Slike ord kallar vi gjerne eufemismar, som er mildande, omskrivande, smykkande uttrykk for noko som ein ikkje vil nemne ved sitt rette namn. Banneord, kroppsfunksjonar og sjukdommar er døme på grupper av ord som har mange eufemismar. Kjenne du tydinga til eufemismane "sovna inn", "den tida i månaden", "lette på trykket"?

Vi kan òg med vilje vere tvitydige, noko som betyr at det vi seier, kan bli tolka på fleire måtar. Resultatet av slike indirekte språkhandlingar kan vere at mottakaren ikkje forstår kva du meiner, og han eller ho kan bli usikker på deg. Då bryt du kontrakten om samarbeid.

Tenk over

Tenk gjennom nokre av samtalane du har hatt med venner eller familie dei siste dagane. I kor stor grad har du følgt grunnreglane som Grice peika på? Gi døme.

Implikatur

Implikatur er eit omgrep i pragmatikken, og det blir brukt for å beskrive det som blir sagt mellom linjene, eller det som ikkje blir uttrykt direkte. Det motsette av implikatur er eksplikatur. Ei indirekte språkhandling er ein implikatur, nettopp fordi mottakaren må tolke seg fram til bodskapen. Sjølv om vi forstår tydinga av kvart ord som blir sagt, er det ikkje sikkert vi med ein gong forstår den eigentlege meininga med ytringa.

Når nokon seier "Det er så kaldt her", vil den eksplisitte betydninga vere at det er låg temperatur der avsendaren av ytringa er. Språkhandlinga som blir brukt, er ein konstativ, fordi avsendaren konstaterer eller seier noko om verda. Tenker vi derimot at det avsendaren uttrykker, ikkje berre er ein konstativ, men at avsendaren ønsker å oppnå noko med språkhandlinga, kan vi tolke det slik at avsendaren til dømes ønsker at nokon skal lukke vindauget eller skru opp termostaten. I staden for å spørje direkte om dette, og dermed bruke språkhandlinga direktiv, let avsendaren det vere opp til mottakaren å tolke kva som blir meint. Den direkte språkhandlinga er ein konstativ, men kan tolkast av mottakaren som ein direktiv. Ein slik bruk av indirekte språkhandlingar kan verke dempande og formildande og få mottakaren til å forstå kva som er den eigentlege bodskapen, utan at avsendaren må seie det eksplisitt.

Kjelder

Vagle, W., Sandvik, M. & Svennevig, J. (1993). Tekst i kontekst. En innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk. Landslaget for norskundervisning/Cappelen.

Vagle, W., Sandvik, M. & Svennevig, J. (1995). Tilnærminger til tekst. Modeller for språklig tekstanalyse. Landslaget for norskundervisning/Cappelen Forlag Akademisk.

Relatert innhald

Fagstoff
Språkhandlingar

Å informere om noko, å gi uttrykk for kjensler eller å komme med eit ønske er døme på språkhandlingar.

Skrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes, Marthe Johanne Moe og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2022