Å skrive avsnitt om verkemiddel og appellformer
Ei trinnvis innføring med modelltekst
Her skal du få ei innføring i korleis du kan bygge opp eit avsnitt der du koplar saman språklege verkemiddel med ei appellform:
I innføringa bruker ein modelltekst for å vise deg korleis du kan setje opp avsnittet. Modellteksten er ein analyse av denne politiske appellen til tidlegare Frp-leiar Siv Jensen.
Modellteksten viser korleis FrP-leiar Siv Jensen bruker det språklege verkemiddelet direkte henvending som skjult argumentasjon for å spele på mottakarane sine kjensler.
Målet er å vise korleis og kvifor ho gjer dette.
Det er òg eit mål å vere presis språkleg og bruke fagomgrep i avsnittet.
Tips!
Målet ditt når du analyserer tekstar, er å "avsløre" avsendaren. Det vil seie at du skal prøve å vise kvifor dei ulike verkemidla blir brukte.
Gå inn på presentasjonen under der vi tar for oss oppbygningen av modellteksten:
Ei oppskrift?
Dette er ikkje ei oppskrift du må følge for å lage eit godt avsnitt i ein retorisk analyse. Men uansett korleis du vel å skrive avsnittet, må du tenke over at desse tre momenta bør med:
ei temasetning som gjer det klart kva for eit virkemiddel avsnittet skal handle om
døme på verkemiddelet frå teksten. Når du påstår at eit verkemiddel blir brukt, må du alltid "bevise" denne påstanden.
kva for ein funksjon verkemiddelet har. Skal det styrke etos, patos eller logos i teksten? Du må vise at du forstår
korleis eit verkemiddel blir brukt
kvifor eit verkemiddel blir brukt
Det er viktig at du er sikker på fagomgrep om både språklege verkemiddel, språkfunksjonar og retorikk. Då kan du skrive presist og vise at du har gode norskfaglege kunnskapar.