Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Utforsk kulturomgrepet

Desse oppgåvene kan vere fine å gjere etter at du har lese artikkelen "Gå i djupna på kulturomgrepet". Får du med deg alle nyansane?

Teikn kulturomgrepet

  • Lag ei visuell framstilling av kva kultur er, med utgangspunkt i innhaldet i fagartikkelen "Gå i djupna på kulturomgrepet". Teikningar kan gjere dei ulike måtane å snakke om kultur på tydelegare.
  • Du finn lenkje til artikkelen nedst på sida.
  • Bruk papir og blyant eller digitale verktøy som du liker å bruke.
  • Samanlikn gjerne teikninga di med teikninga til ein medelev, og diskuter likskapar og forskjellar.

Utforsk kulturomgrepet: norsk kultur

  • Samanlikn dei to videoane under. Begge seier noko om kva norsk kultur er. Kva slags syn på kultur finn du i dei to videoane?
  • Bruk desse omgrepspara til å undersøkje dei to videoane: statisk/dynamisk, open/lukka, mangfaldig/einskapleg, moderne/tradisjonell og inkluderande/ekskluderande.
  • Diskuter: Kva meiner du om dei ulike måtane å framstille norsk kultur på?

Sjå talen til Kong Harald (lengde 4:50):

Sjå reklamefilmen fra Forsvaret (lengde 1:09):

Video: Forsvaret, TRY / Avgrensa gjenbruk

Utforsk kulturomgrepet: samisk kultur

Bruk kulturomgrepet sjølv

Lag ein samansett tekst om kva du meiner norsk kultur er. Bruk relevant fagstoff, og finn gode døme. Presenter gjerne teksten for klassen, og diskuter korleis de bruker kulturomgrepet.

Relatert innhald

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 25.09.2025