Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tekstkulturar

Sjå på døme på tekstar i same sjanger frå ulike tider, og oppdag korleis ulike tekstkulturar påverkar utforminga av tekstar.

Finn tekstkonvensjonar i tekstkulturane

I denne oppgåva skal du sjå på ulike tekstar i same sjanger frå fortid og notid, og sjå om du får auge på ulike tekstkonvensjonar i tekstkulturane desse tekstane oppstod i.

Kva slags likskapar og forskjellar finn du i dei ulike tekstane du samanliknar?

Bruk desse punkta som utgangspunkt for samanlikningane:

  1. Korleis vil du beskrive språket?

  2. Kva modalitetar eller tekstelement dominerer?

  3. Kva slags verdiar og kva slags syn på temaa tekstane beskriv, ligg implisitt i tekstane?

  4. Kva er dei største endringane i måten tekstane er utforma på?

  5. Kva trur du er årsaker til endringane?

Reklame

YouTube: Ukeblad: Alt for damene II.1956
Instagram: Kamille Norge

Politisk debatt

NRK: «Behandling av narkomane» (1966)
NRK: «Debatten: Vil fjerne straff for narkomane» (2021)

Skulen

Norskboka di
Nasjonalbiblioteket: «Lærebok i norsk for folkeskolen : 7. klasse» (1939)

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 21.10.2026