Tekst og kultur - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tekst og kultur

Tekst og kultur står i eit gjensidig forhold til kvarandre. Kulturar og kulturelle normer påverkar både korleis vi skaper og korleis vi tolkar tekst, mens tekstar både speglar og formar kulturen.

I mange tilfelle er kulturkonteksten til ein tekst ei ramme som vi ikkje treng å tenkje så mykje over, fordi vi er innforstått med dei kulturelle kodane teksten forheld seg til. Teksten kan til dømes springe ut av den nasjonale kulturen eller den skulekulturen vi sjølv er ein del av.

Som medlemmer av same kulturelle fellesskap deler vi både erfaringar og kunnskap som blir ein del av desse kulturelle kodane som vi bruker når vi skal tolke og skape tekstar. Om du ikkje kjenner til dei kulturelle kodane som gjeld i den kulturelle konteksten ein tekst har oppstått i, blir det vanskeleg å skape meining av innhaldet.

Intern humor er eit døme på dette, fordi han ofte byggjer på erfaringar og kunnskap som berre dei innvigde i ei gruppe forstår.

Tenk over / diskuter

Nokre fan-kulturar på nett har sine heilt eigne kulturelle kodar, som gjer at tekstane dei produserer, ikkje gir så mykje meining for utanforståande. Kan du kome på nokre døme på dette?

Konvensjonar

Kulturkonteksten er altså dei abstrakte og generelle kodane som eit kulturelt fellesskap har vorte einige om, og som gjer kommunikasjonen mogleg. Å studere kulturkonteksten til ein tekst handlar i stor grad om å undersøkje kva som gjeld for kommunikasjonen.

Konvensjonar for språkbruk finn vi innanfor mange område: skule, media, helsevesen, servicenæringa og mange fleire. Når du går på skulen, blir du til dømes sosialisert inn i ein tekstkultur med eigne normer og konvensjonar for korleis tekstar skal lesast og utformast. Etter kvart lærer du spelereglane, som gjer at du meistrar det å lese og skrive tekstar i samspel med dei andre deltakarane i skulekulturen.

Tenk over / diskuter

Kva slags tekstsjangrar kan du kome på som du berre møter i skulen?

Les òg om kulturell variasjon i måtar å uttrykkje seg på, som også kan påverke utforminga av tekstar:

Relatert innhald

Verdsbilete og ideologi

Som deltakarar i kulturelle fellesskap blir vi sosialiserte inn i bestemde , eller heilskaplege system av haldningar og aksepterte sanningar. Eit anna omgrep som beskriv dette, er ideologi (Svennevig, 2020). Kunnskapen som ideologien består av, blir sjeldan lagd fram på ein eksplisitt og konkret måte, men blir fletta inn i alt som blir gjort og sagt i dei kulturelle omgivnadene våre. Derfor stiller vi òg sjeldan spørsmål ved han.

Når vi uttrykkjer oss i tekst, er verdsbiletet vårt ein viktig premiss som ligg bak dei ideane som kjem fram i teksten. Å utforske dei kulturelle normene og rammene for ein tekst handlar om å peike på det som blir framstilt som ei sjølvfølgje eller som normalen, men som kanskje ikkje er det sett frå ein annan kulturell ståstad.

Videoen under frå NRKs humorprogram Satiriks spøkjer med verdsbiletet som dei meiner ligg bak ytringane til FrP-politikar Sylvi Listhaug:

NRK Satiriks på YouTube: Hvilken virkelighet lever Sylvi Listhaug i?

Tenk over / diskuter

NRK har vorte kritiserte av enkelte på høgresida i politikken for å spegle og fremje eit «venstrevridd» verdsbilete. Korleis trur du FrP-veljarar og veljarar på andre sida av den politiske skalaen vil tolke videoen over?

Marknaden som ideologi

Eit trekk ved offentleg språkbruk i dag er at han ofte er prega av haldningar og mønster frå bedriftsøkonomi-kulturen med marknadstenking som verdsbilete eller ideologi (Svennevig, 2020). Offentlege aktørar, til dømes skular, inntek rolla som ei bedrift som skal marknadsføre tenestene sine (utdanning) til kundane sine (elevar og foreldre), og som då ønskjer å vere attraktive og fange merksemda deira. Dette er ikkje noko som mange stiller spørsmål ved, fordi denne måten å tenkje om offentlege tenester på har vorte ein innbakt del av røyndomsoppfatninga vår.

Tenk over / diskuter

Gå inn på nettsida til skulen din. Finn du døme på at skulen som offentleg verksemd bruker språk og bilete på ein måte som du kjenner att frå reklameverda?

Er du ei merkevare?

Eit anna område mange meiner marknadstenkinga har påverka, er identitet. I eit slikt perspektiv kan du sjå på tekstar vi lagar, som ei slags merkevarebygging og marknadsføring av oss sjølv i ein marknad der tilbod og etterspurnad styrer kven som har verdi. Ein CV er eit veldig tydeleg døme på dette, men bileta vi legg ut av oss sjølv, feriar, mat og venner, kan òg sjåast på som ein måte å marknadsføre og byggje oss sjølv som merkevarer på.

Ein annan tendens er at kommersielle aktørar låner språk og uttrykksmåtar frå den personlege og private sfæren. I sum gjer dette at uttrykksmåtar og tekstar frå mellommenneskelege og kommersielle sfærar blir endå meir samanblanda.

Tenk over / diskuter


Kva likskapstrekk ser du mellom dine eigne innlegg på sosiale medium og innlegga til kommersielle aktørar som er ute etter å marknadsføre eit produkt?

Korleis kan det påverke oss om vi ser på oss sjølv og andre med marknadslogikk, som varer?

Tekstar speglar og påverkar kulturen

Om du gjer eit biletsøk på omgrepet «familie», vil du sjå at dei fleste bileta som kjem opp, viser ei gruppe menneske med ei mor, ein far og barn. Desse bileta stemmer kanskje med kva du tenkjer på når du høyrer ordet «familie», og vi kan oppfatte dei som nøytrale framstillingar.

Men kva vi ser på som normalt, er kulturbestemt og kan variere på tvers av kulturelle fellesskap. Derfor kan det vere nyttig å stille spørsmålet: Kva del av røyndommen er usynleg i denne framstillinga av det normale? I dette dømet viser bileta ikkje familiar med eineforsørgjarar, homofile og lesbiske, transkjønna eller barnlause. Om desse familiane blir synlege i tekstar, vil det til slutt bidra til at oppfatninga av kva som er normalt, endrar seg.

Tenk over / diskuter

Kva ser du for deg når du høyrer ordet «sjef»? Korleis trur du oppfatninga di er farga av tekstar i kulturkonteksten din?

Kva fleire døme kan du kome på som viser korleis tekstar både speglar og formar kulturen?

Kjelder

Bourdieu, Pierre. (1977). Outline of a Theory of Practice: 16. Cambridge University Press.

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm.

Skrive av Caroline Nesbø Baker, Marita Aksnes og Torgrim Gram Økland.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2021