Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Medium og manipulasjon

Kan sosiale medium true demokratiet? Lær om dette i Folkeopplysningen frå NRK, der dei prøver å manipulere skulevalet ved Lillestrøm videregående skole.

Make Lillestrøm great again

Sjå NRK-programmet "Folkeopplysningen: Make Lillestrøm great again" (lengde 45:41) saman eller åleine.

Spørsmåla under er i kronologisk rekkefølge. Stopp og svar på spørsmåla undervegs, skriftleg om du jobbar åleine, munnleg om de ser han saman.

Del 1: Svar på desse spørsmåla

  1. Rektor sa ja til å delta i eksperimentet fordi han meinte det var mykje god læring i dette. Svaret hans var ja – kva meiner de?

  2. Kven er Espen Teigen og Sindre Beyer? Oppsummer råda om kommunikasjon med veljarar, som Andreas Wahl får frå desse to.

  3. Kvifor bestemmer dei seg for å lage ein meme-konto på Instagram?

  4. Korleis vart Facebook brukt under USA-valet? Korleis bruker Folkeopplysningen Facebook?

  5. Kva seier Tore Tennøe om korleis vi blir manipulerte i sosiale medium? Kven står bak, og kvifor gjer dei dette? Er du overraska over det Tennøe seier?

  6. Kva seier Bente Kalsnes om falske nyheiter i Noreg? Kven står bak, og kva er målet deira? Kva seier Kalsnes om unge mediebrukarar og kjeldekritikk?

  7. Korleis kan du kjenne igjen falske nyheiter?

  8. Falske nyheiter kan påverke eit val, sjølv om dei blir avslørte, seier Sverre Diesen. Kan det som skjedde under USA-valet i 2020 støtte det han seier?

  9. Djupfeik-teknologi (deepfake-teknologi) blir nemnt som ein framtidig trussel. Korleis trur de denne teknologien kan brukast til å påverke og manipulere demokratiet i framtida? Kva kan gjerast for å forhindre dette? Sjå videoen under viss du vil vite meir om djupfeikar: Telenor Norge på YouTube: Dette er Deepfake - og derfor kan det være farlig

Del 2: Diskuter og reflekter etter at de har sett programmet


Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 21.10.2026