Oppgåve
Forbilete og motbilete
Vi er omringa av bilete i dagens medieverkelegheit. Kven er representert i media? Korleis påverkar bilete oss? Korleis kan du bruke bilete som motreaksjon?

Bileta vi ser, er med på å forme ideala som vi vurderer oss sjølve og andre opp mot. Kan du bruke bilete til å skape eit rausare samfunn?
Oppgåve 1. Representasjon i media
- Gå til nettstaden til dei store landsdekkande avisene VG, Dagbladet, Dagens Næringsliv og Aftenposten. Jobb i grupper, der kvar gruppe undersøkjer bileta i éi avis kvar.
- Undersøk kven som er på bileta på framsida til avisene på nett etter kategoriar som går på kjønn, alder, etnisitet og funksjonsgrad. Noter òg kva som er temaet i saka som biletet er brukt til. Lag ein tabell til å registrere det de finn.
- Presenter resultata dykkar til dei andre gruppene.
- Er nokon av gruppene under- eller overrepresenterte i forhold til kor stor del dei utgjer av befolkninga elles?
- Diskuter: Kva er konsekvensen når nokre grupper er over- eller underrepresenterte i media?
Oppgåve 2. Forbilete
- Gå saman i mindre grupper. Lag ei oversikt over kva slags influensarar de følger i sosiale medium. Dette kan de gjere ved å sjå på feeden til kvar enkelt i gruppa. Vel dei ti første bileta som dukkar opp, og som ikkje er frå venner eller slektningar.
- Ta skjermbilete av dei utvalde bileta frå feeden, og set desse saman i eit dokument der dei dannar eit lappeteppe. Diskuter: Er det mykje fokus på utsjånad, eller er det andre sider ved influensarane som blir vektlagde i bileta?
- Kva slags verkemiddel er mykje brukte? Sjå etter vinklar, filter, fargebruk, komposisjon, symbol og språklege verkemiddel i tekst-element. Er nokon bilete retusjerte?
- I kva grad speglar bileta mangfaldet av mennesketypar som finst i samfunnet elles, med tanke på kroppsfasong, etniske grupper, aldersgrupper og kjønn?
Oppgåve 3. Motbilete
Jobb i små grupper eller par, og lag dykkar eigne motbilete. Det kan vere bilete som fokuserer på andre sider ved dykk enn utsjånaden, bilete som viser nyansane i livet som vanlegvis ikkje kjem fram på sosiale medium, eller bilete som er med på å motverke perfeksjonspresset.
Set saman bileta til eit lappeteppe som klassen kan ha på veggen.