Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Visuell identitet, designprofil og designmanual

Visuell identitet, designprofil og designmanual er omgrep som ofte blir brukte litt om kvarandre. Dette avklarer vi nedanfor, men først får du sjå korleis NRK har jobba med den visuelle identiteten sin.

Designprofil og visuell identitet

Ein designprofil er den visuelle identiteten til ei verksemd. Alle slags verksemder har, eller skaffar seg, ein visuell identitet. Det gjeld både kommersielle, som Coop og TINE, og ideelle, som Røde Kors og WWF.

Den viktigaste oppgåva til designprofilen er å sørge for at alle visuelle kjenneteikn saman med logoen bygger opp om det visuelle inntrykket verksemda ønsker å formidle. Ideelt sett skal denne identiteten vere så lett å hugse og enkel å kjenne att som mogleg, og målgruppa skal helst forbinde han med noko positivt.

Kjernen i designprofilen er logoen. Logoen skal vere lett å legge merke til og enkel å hugse, anten han dukkar opp som eit skilt eller som eit ørlite merke i fanerekka i nettlesaren din.

Film: NRK – en levende og empatisk profil

NRK vann innovasjonsprisen for inkluderande design i 2023. I filmen under (lengde 3:12) får vi innblikk i prosessen med å utvikle ein ny visuell identitet.

Tenk over

  1. Korleis synest du NRK har tatt vare på identiteten sin i designprofilen?

  2. NRK skal nå ut til alle – uavhengig av alder, språk, digital kompetanse og funksjonsevne. Korleis har dei klart å skape eit inkluderande design?

Designprofil og designmanual

Designprofilen består av alle elementa i ein visuell identitet. Designbyrået som lagar logoen, vil vanlegvis lage dei fleste grafiske produkta verksemda har behov for. Det kan vere ei nettside, visittkort, brevpapir eller skilt. Men det er ikkje uvanleg at andre enn det opphavlege designbyrået er engasjerte.

Om designprofilen skal fortsetje å fungere etter den opphavlege intensjonen, må det derfor finnast ei bruksrettleiing som er tilstrekkeleg detaljert til at designprofilen ikkje er avhengig av dei opphavlege designarane. Særleg dersom verksemda er stor, greier ikkje logoen seg utan ein designmanual. Det vil seie ein instruksjon for korleis dei visuelle elementa skal brukast i praksis. Manualen beskriv korleis typografi, logo, symbol, uniformer og andre visuelle kjenneteikn skal brukast i ulike samanhengar.

Det er også vanleg at verksemda har ein palett med fargar som kan kombinerast med fargen eller fargane på logoen på nettstaden til bedrifta eller i brosjyrar og andre trykksaker. Fargane blir definerte ut frå kva nemningar dei har på nettet, RGB-tala, eller blandingsforholdet mellom CMYK-fargane for trykksaker. Mange vil òg bruke fargekoordineringssystemet Pantone. Store selskap skaffar seg til og med eigne fargar.

Store, omfattande manualar kan ta månader å lage, Når alle følger reglane som er sette opp i designprofilen, blir den visuelle identiteten ivareteken.

Kjelde

Design og arkitektur Norge. (2026, 1. juni). NRK: En levende og empatisk profil. DOGA. https://doga.no/forbilder-og-eksempler/nrk-en-levende-og-empatisk-profil

Skrive av Andrea Søndervik.
Sist oppdatert 25.11.2026