SMS-rollespel - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

SMS-rollespel

Mykje av kommunikasjonen i dagens arbeidsliv skjer på SMS eller andre elektroniske meldingar. Utan tonefall, ansiktsuttrykk og kroppsspråk å støtte oss til skal det lite til før kommunikasjonen skjer seg.

Oppgåve

Del 1

Gå saman i par. De skal spele kvar deira rolle i ein dialog.

Spel ut dialogen ved å bruke dette verktøyet som genererer SMS-dialogar:

ifaketextmessage

  • Den eine av dykk (X) er ein misnøgd kunde, brukar eller pårørande. Vel det som er relevant for fagområdet ditt.
  • Den andre (Y) skal spele ein fagarbeidar som er på jobb og skal ta imot og behandle klagen.
  • X utformar ein SMS der klagar på måten Y har utført jobben sin på. X er opprørt og sint og har som mål å nå fram med klagen sin, slik at Y får retta opp det som har skjedd.
  • Y skal forsvare seg mot skuldingane til X og ha som mål å reinvaske seg sjølv.
  • Last ned dialogen når de er ferdige, og sjå på han saman.
  • Diskuter korleis de kommuniserte. Korleis kjennest det å forsvare seg mot skuldingar? Kjennest det ut som at Y lytta til det X hadde på hjartet? Korleis fekk X fram at hen var opprørt og sint? Korleis reagerte X på at Y prøvde å forsvare seg?

Del 2

No skal de prøve igjen, men med ei lita justering i innstillinga til Y.

  • X har framleis som mål å nå fram med klaga si og sender den same SMS-beskjeden.
  • Men no skal Y ha som mål å få brukaren, kunden eller den pårørande til å føle at hen blir teken vare på, i tråd med gode prinsipp for yrkesutøvinga. Y skal lytte til klaga og prøve å finne ut kva hen kan gjere for å rette opp feilen som har blitt gjort.
  • Last ned dialogen når han er ferdig.

Del 3

Sjå på dialogane, og reflekter over forskjellane.

  • Kva slags forskjellar ser du i dei to ulike dialogane?
  • Kva for ein av dialogane fungerte best? Kva er grunnen til at den eine fungerte betre enn den andre?
  • Kva hadde vore forskjellig om kommunikasjonen hadde gått føre seg ansikt til ansikt?
Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020