Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Nett av ståltråd i blomsterarbeid

Hønsenetting er ståltrådnett med sekskanta hol. Tråden kan bøyast, klippast, viklast og formast. Her lærer du korleis du kan bruke ståltråd til å lage ei tredimensjonal form. Du kan dekke forma med botaniske materiale, eller bruke henne i konstruksjonen av blomsterarbeid.

Film: Nett av ståltråd i blomsterarbeid

I filmen under (lengde 5:20) lærer du korleis du kan bruke ståltråd til å lage dekorasjonar i ulike former.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Materiale

Ståltråd

Ståltråd eignar seg godt til å konstruere former. Tråden er så mjuk at du kan forme han, samtidig som du kan lage former som er sterke. Du kan til dømes tvinne, vikle, hekle, strikke, veve, bøye og feste ståltråd med ulike samanføyingsteknikkar. Ståltråden er ofte skjult i blomsterarbeidet, men du kan òg bruke han som eit synleg dekorativt element i arbeidet.

Hønsenetting av ståltråd

Du treng berre ståltråd for å lage nettet. Prøv deg fram med tjukkleik på ståltråden. Ein stor konstruksjon som skal bere meir materiale, krev gjerne ein tjukkare tråd enn eit lite arbeid.

Teknikk

Du bruker ståltråd som du tvinnar saman. Start med to trådar og fest dei ved å tvinne dei saman på midten. Deretter bygger du på ved å tvinne nye ståltrådar på kvar ende. Etter kvart vil du feste trådane i kvarandre, slik at det blir danna eit nett. Dersom du skal lage ei tredimensjonal form, som til dømes ei kule, er det viktig at du formar denne etter kvart som du bygger nettet. Då vil du få ei jamn, fin form.

Blomstrar

Forma du lagar, kan du dekke med blomstrar eller andre botaniske materiale. Du kan flette inn gras og strå som følger forma, eller materiale som stikk meir ut frå forma. Bruk teknikken til å lage store blomsterarbeid som dekor i rom, eller små former til å lage blomsterarbeid til pynt på bordet.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist oppdatert 16.09.2026