Oppgave
Naturen som inspirasjon i interiør
Naturen rundt deg kan vere inspirasjonsgrunnlag for val av interiørprodukt. La deg inspirere av fargane du finn i naturen, og bruk dette til å setje saman ulike interiørprodukt.
- Gå ut i hagen eller i naturen i nærmiljøet ditt. Sjå etter ulike motiv som inneheld fargar. Motivet kan vere ein blomster, steinar, fleire grønfargar, ut mot havet og liknande.
- Ta fleire bilete og vel ut det beste fotoet. Fargane i biletet skal vere utgangspunktet når du skal velje interiørprodukt til eit rom.
- Vel kva slags rom du vil møblere.
- Søk i nettbutikkar eller besøk ulike butikkar som sel interiørprodukt viss de har høve til det. Sjå etter interiørprodukt som inneheld fargar frå biletet du har valt.
- Ta bilete av produkta du finn i interiørbutikken. Det kan vere puter, pledd, dukar, vasar, lysestakar, lykter og liknande.
- Tenk komposisjon og layout når du skal presentere biletmaterialet ditt.
- Sei litt om butikken der du fann interiørprodukta, og korleis du vil setje dei saman i eit interiør.
- Vurder korleis fargepaletten frå naturen fungerer i interiøret?