Oppgåve
Video
Makt i ein kommunikasjonssituasjon
I kommunikasjon med andre vil den makta ein har eller ikkje har, påverke samhandlinga. Kva kontroll de har over situasjonen, kan henge saman med maktforholdet mellom dykk. Vi skal bruke eit døme frå motebransjen til å undersøke korleis maktforholdet pregar kommunikasjonen.
Film om maktforhold i moteverda
Anna Wintour var sjefredaktør for den amerikanske utgåva av motemagasinet Vogue frå 1988 til 2025. Filmklippet under (lengde 8:26) startar med eit døme på korleis ho kunne misbruke makt. Etterpå diskuterer tidlegare redaktør for motestoff Vanessa Rudjord og journalist Sissel Hoffeng maktforhold i motebransjen saman med Anne Lindmo.
Anna Wintour og makt. Video: NRK / Avgrensa gjenbruk
Del 1: Sjå gjennom filmklippet, og svar på spørsmåla
- Korleis visest maktforholdet gjennom klesdrakt og kroppsspråk?
- I filmklippet snakkar Anna Wintour "ovanifrå og ned" til medarbeidarane sine. Gi døme på dette.
- Har du nokon gong opplevd å føle deg underlegen i ein jobbsituasjon på grunn av måten du har blitt snakka til?
Korleis kan du varsle om dette når det skjer ? - Kan du tenke på ein situasjon der du kan ha fått nokon andre til å føle seg underlegne, på grunn av måten du snakka til dei på?
Del 2: Diskuter
Diskuter spørsmåla i mindre grupper.