Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lyssetjing

Når du skal rettleie ein kunde om lyssetjing, må du ta omsyn til kva slags rom som skal lyssetjast. Prøv deg på ulike oppdrag.

Oppdrag 1: Lys i parkeringskjellar

Du får som jobb å oppgradere lysanlegget i parkeringskjellaren på eit kjøpesenter. Kunden vil ikkje bruke meir pengar enn nødvendig i denne delen av senteret. Du skal gi råda dine til kunden.

  • Kva er det viktig å tenkje på?

  • Korleis kan du bruke omgrepa lux, CRI og fargetemperatur?

Oppdrag 2: Lyssetjing i klesbutikk

Du skal rettleie ein kunde som skal ha ny lyssetjing i klesbutikken sin. Viktige fokusområde er salsareal, prøverom og kasseområdet.

  • Korleis vil du presentere forslaget og argumenta dine?

  • Skal lux, CRI og fargetemperatur vere ulik i dei ulike sonene?

Oppdrag 3: Lyssetjing i ein restaurant

Du skal lyssetje ein restaurant som har opent på kveldstid. Kunden har valt mørke fargar på vegg og treng no hjelp til å planleggje lyssetjing. Dei ønskjer ei lun og avslappa stemning med riktig lyssetjing, slik at maten ser smakfull og freistande ut.

  • Kva er forslaget ditt til bruk av lyssetjing?

  • Korleis kan du bruke lux og kelvin til å skape ein lun atmosfære?

Relatert innhald

Styrke på lyssetjing – lux

Styrke på lyssetjing fortel kor mykje lys som fell på ei flate og kor opplyst flata er. Ein lysmålar kan sjekke kor mykje lys vie får, målt i lux.

Fargetemperatur – kelvin

Fargetemperaturen på lyset påverkar stemninga i eit rom. Kelvin er ei nemning på fargetemperaturen på lys.

Skrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist oppdatert 28.04.2021