Kreativ biletbehandling - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kreativ biletbehandling

Photoshop og andre billetbehandlingsprogram gir uendelege moglegheiter for kreativ biletbehandling. Kva du kan og bør gjere med biletet ditt, er avhengig av kva for avtalar du har gjort på førehand, og korleis biletet ditt skal brukast.

Å skulle ta for seg alle kreative krumspring ein kan gjere i ei etterbehandling, er umogleg. Eksempelbiletet vårt har fått glatta ut huda, lyst opp auga, sett inn ny bakgrunn, lagt til ei sol og fått lagt på ei fargetoning. Om dette er nødvendig, og kor langt ein skal gå når det gjeld etterbehandling, blir det opp til fotografen og kunden å bli einige om.

Det er viktig at du på førehand har ein idé om korleis sluttproduktet ditt skal sjå ut. Då blir det lettare å vite når du er ferdig, og enklare å søkje etter hjelp om du står fast undervegs. Timane flyg fort dersom du berre prøver deg fram utan tanke om korleis biletet skal sjå ut til slutt.

Her er nokre videoar til inspirasjon. Hugs at du kan stoppe og starte videoane undervegs for å sjå kva for verktøy og innstillingar som blir nytta.

Etterbehandling Photoshop

Bruk av lag i biletbehandlingsprogrammet Photoshop. Video: Tom Knudsen / CC BY-NC-SA 4.0

Biletmanipulering

Biletmanipulering. Video: Tom Knudsen / CC BY-NC-SA 4.0

Slik lagar du eit reklamefotografi

Slik lagar du eit reklamefotografi. Video: Kristin Eriksen Vold, Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022