Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Interiørkonsulent

Har du estetisk sans og interesse for interiør? Er du også serviceinnstilt og flink til å kommunisere med alle slags menneske? Då kan interiørkonsulent vere eit yrke for deg. Ein interiørkonsulent planlegg og innreier rom etter kva kundane ønskjer, anten dei er privatpersonar eller verksemder.

Film: Interiørkonsulent

I filmen under (lengde 2:15) fortel Ingvild Bjørnstad om korleis det er å vere interiørkonsulent.

Video: Utdanning.no, Leidar / CC BY-SA 4.0

Utdanning

For å bli interiørkonsulent går du første året av vidaregåande på frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, andre året på interiør- og utstillingsdesign og til slutt Vg3 interiør. Du kan òg velje å gå på fagskule eller ta påbygg på Vg3 og så ein treårig bachelor innanfor fagområdet.

Jobben og personlege eigenskapar

Som interiørkonsulent treng du gode kunnskapar om form og farge. Du må vere flink med kundar og kunne setje opp budsjett og rekneskap. Set deg inn i stilhistorie, samtidig som du følgjer med på motar og trendar. Det er viktig å vite kva slags interiør som finst til kvar tid.

Når du får oppdrag frå kundar, må du lytte til ønska dei kjem med. Bruk dette saman med kunnskapen din som interiørkonsulent. Bruk planteikningar til å bestemme kvar ulike møblar kan stå. Vurder kva møblar som vil passe inn saman med anna interiør og ulike typar belysning. Vel fargar og former som kan skape eit heilskapleg inntrykk. Pass på å ha ein god dialog med kundane når du kjem med løysingsforslag.

Aktuelle arbeidsstader

Ein interiørkonsulent har gjerne eigen praksis eller jobbar for interiørarkitekt-/arkitektkontor, møbel- og utstyrsforretningar, kjøkken- og badeinnreiingsforretningar eller byggjevareforretningar. Du kan òg jobbe med bustadstyling i samarbeid med ein fotograf eller eigedomsmeklar.

Film: Tips fra en interiørkonsulent

I filmen under (lengde 2:28) gir Marte Utenhå deg interiørtips og viser korleis ho har brukt dei i eigen heim.

Video: Tom Knudsen, Artlib.io / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 07.05.2026