Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er kultur?

Kultur påverkar korleis vi oppfører oss, kva vi liker og ikkje liker, korleis vi snakkar til kvarandre, og kva vi oppfattar som rett og gale. Alt vi menneske er og gjer, er kultur, viss vi snakkar om kultur i vid forstand. Kultur kan også brukast meir avgrensa om kunst og handverkstradisjonar.

Tenk over

Kva forbind du med ordet kultur?

Sjekk korleis kultur blir forklart i Nynorskordboka. Stemmer dette med korleis du forstår omgrepet?

Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Kultur

Kultur er eit omfattande omgrep, og det kan forklarast på ulike måtar. Det handlar om felles idéar, verdiar, haldningar, reglar, vanar og tradisjonar.

Moralske og religiøse levereglar som rår i eit samfunn, er også ein del av kulturen i samfunnet.

Kulturen vår har vi med oss. Dette blir tydeleg for oss, når vi møter andre kulturar.

Kulturarv

Vi blir fødde og sosialiserte inn i ein kultur. Kvar enkelt familie har sine normar, verdiar og tradisjonar. Dette former identiteten vår og kan gi oss ulike reaksjonsmønster. Gjennom oppseding, opplevingar og aktiv deltaking tek vi opp i oss den kulturen som gjeld der vi veks opp. Kultur blir overført frå generasjon til generasjon, men kulturen endrar seg likevel over tid.

Handverkstradisjon

Handverkstradisjonar har også gått i arv frå generasjon til generasjon og frå meister til lærling. Du må lære grunnleggande bruk av reiskapar og materialar før du kan utvikle handverket vidare.

Kulturen bind oss saman

Vi blir ein del av eit fellesskap når vi veks inn i ein kultur. Vi lærer og tek opp i oss det folk i tidlegare tider har hatt felles. Kunnskapar, idéar, verdiar og normer som forfedrane våre meinte var viktige, ønskte dei å føre videre. Dei nye samfunnsmedlemmane kjem derfor til å dele dette med forgjengarane. Dermed får vi eit fellesskap, ikkje berre mellom dei som lever samtidig, men også mellom dei gamle og dei nye generasjonane.

Multikultur

Ofte blir omgrepet multikulturell brukt om den norske kulturen, for å vise at han er samansett av mange kulturar. Men kvar og ein av dei mange kulturane i multikulturen er igjen samansette. Kva vil det til dømes seie å vere norskamerikanar? Når vi bruker kulturomgrepet på denne måten, snakkar vi om kultur i vid forstand.

Gjensidig respekt er viktig i møte med andre kulturar. Mangfald skaper eit rikare samfunn.

Skrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg, Erik Sølvberg, Inger Gilje Sporaland og Bjørn Simonsen. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 16.01.2024