Grunnleggjande komposisjonsprinsipp innan foto - Samanlikn biletkomposisjon - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Grunnleggjande komposisjonsprinsipp innan foto

Oppgåve

Samanlikn biletkomposisjon

Kva komposisjon er best? Diskuter med medelevar og argumenter for synspunkta dykkar.

Oppgåve 1

Sjå på desse to bileta av eit brudepar i skogen.

  • Kva komposisjon synest du er best?
  • Diskuter svaret med ein medelev. Bruk dei omgrepa de har lært om komposisjon til å begrunne synspunkta.

Oppgåve 2

Når vi legg eit rutenett på dette biletet, ser vi at komposisjonen er noko utydeleg. Fotografen har prøvd å ta med for mange element, og dei kranglar om merksemda vår.

  • Kva er hovudmotivet? Fossen, elva, det grøne, tomme området midt på biletet, eller horisonten?

  • Det som er lyst i eit bilete, trekkjer gjerne til seg blikket vårt. Korleis kan ein forenkle dette biletet for å framheve fossen?

  • Kva er det som distraherer i biletet, og som bør eliminerast?

Oppgåve 3

Sjå på dei nye komposisjonane under og diskuter med medelev:

  • Kva komposisjon er best av utsnitt 1 og 2?
  • Hugs å begrunne svaret dykkar.
Skrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2024