Foto - Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Foto

Når du skal visualisere eller presentere ein idé for ein kunde eller ein medarbeidar, kan foto eller video vere eit godt hjelpemiddel. Du kan setje produktet eller modellen inn i ein samanheng som framhevar funksjonen.

Fotografering

Ved å fotografere kan du gjengi modellen eller produktet nøyaktig og ta bilete av modellen både i ulike miljø, med ulikt lys og frå ulike vinklar. Ved hjelp av moderne digital fototeknikk kan du òg enkelt plassere produktet ditt inn i kva omgivnader du ønsker. Foto kan òg fortelje om materiale og fargar.

Følg lenka til kamerasimulatoren, og finn ut kva som skjer med bileta når du endrar innstillingane for blendaropning, lukkartid og ISO-verdiar.

Video

Dersom du bruker video (rørlege bilete), kan det hjelpe deg til å beskrive formene på produktet ditt. Volumet kjem tydelegare fram, og lys og skuggeverknader hjelper dessutan til. Kamerarørsler kan vere med på å illustrere den praktiske bruken av produktet.

Skrive av Iselin Myklebust. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.04.2024