Oppgåve
Forklar eit yrkesfagleg emne
Samanlikn og undersøk korleis du snakkar om faget ditt med ulike mottakarar.

Du blir ekspert på fagområdet ditt, og du må kunne diskutere faget med både kollegaer som kjenner faget godt, og folk som veit veldig lite om det.
Del 1: Lag forklaringar
- Vel eit emne, ein framgangsmåte eller eit omgrep frå fagområdet ditt som du kjenner godt til.
- Lag ei kort forklaring, skriftleg eller munnleg, berekna på ein kollega som kjenner fagspråket.
- Lag ei ny forklaring av det same temaet som i oppgåva over, berekna på ein kunde eller brukar.
- Forklar på ein slik måte at ein som ikkje kjenner faget innanfrå, også kan forstå.
Del 2: Vurder
- Samanlikn dei to forklaringane. Kva for forskjellar er det mellom dei?
- Gå i par og samarbeid om å lage gode forklaringar til begge målgruppene, basert på begge sine bidrag.

